Folkekravet om å dele opp samanslåtte kommunar har stilna. Senterpartiet surfa inn til valsiger og rekordresultat på denne bølgja i 2019.

I dag plaskar partiet utan løft i taren inne på grunna.

Haram er einaste staden der dei ser ut til å ha fått løn for strevet. Der har Sp fått meir enn kvar tredje stemme, langt over nivået frå dei føregåande vala som eiga kommune.

Kampen mot fleire av Solberg-regjeringa sine reformar ga Trygve Slagsvold Vedum (Sp) suksess. Motstand mot sentralisering har alltid vore ei kjernesak, men frå Vedum tok over leiinga av partiet i 2014 vart dette spissa og reindyrka.

Nesten uansett tema, var dette bodskapen frå Senterpartiet.

Høgskule- og universitetsreform, politireform, endra oppgåvefordeling i spesialisthelsetenesta, regionreform, kommunereform og heilt ned til omorganisering av lokale brannvern. I alle desse sakene løfta Senterpartiet motstandsfana høgst.

I 2019 ga dette historia sitt beste kommune- og fylkestingsval for partiet. I 2021 historia sitt nest beste stortingsval og billett til regjering. I år er Senterpartiet den største valtaparen i 187 av dei 356 kommunene i landet.

At lufta har gått litt ut av ballongen, måtte alle vente.

Eit større tankekors for Vedum må det vere kor mykje kraft kampsakene har tapt. Sp ryk på ein smell også i kommuner som har fått lensmannskontoret tilbake. Heller ikkje i Nesna, der partiet fekk æra for å ha berga høgskuletilbodet, er der gevinst å hente.

Og partiet får juling også i fylka Vedum og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) har fått splitta opp. Så kan ein sikkert forklare tilbakegangen med at veljarar heller har røysta med lommeboka denne gong.

Dessutan er utakk gjerne verdas løn.

Når lensmannskontoret er tilbake, Finnmark har blitt sjølvstendig og gigantfylket Viken blir viska bort fra kartet, har veljarane nye krav på ynskjelista. Men det er ikkje heile forklaringa. Også dei som ikkje har fått reverseringa si, ynskjer seg dette mykje mindre enn før.

I Kristiansand, der regjeringa vil tvinge gjennom ein prosess for kommunedeling mot kommunestyret sin vilje, går partiet på ein smell også i valkrinsane som utgjer det som var «utbrytarkommunane» Søgne og Songdal.

I Kinn, på kartet den pussigaste kommuna i landet, er saka død.

Senterpartiet har hatt solid tilbakegang i heile Kinn. I Måløy har partiet stupt frå 15,1 til 1,6 prosent. Haram ser ut til å vere ein av få val-gevinstar for reverserings-Sp, men langt frå like mykje som i 2019.

Vedum sette girspaken i revers for to år sidan.

Det har kosta partiet meir enn det har smakt.