Alle som har kjempa for Stad skipstunnel kan puste litt letta ut. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) si «lekkasje» om at regjeringa vil ha prosjektet ut i marknaden, er gode nyheiter for heile kysten.

Den som vil sprette sin dyraste sjampanje for å feire, bør likevel la den ligge i kjellaren ei stund til.

Dette er nemleg ikkje noko klarsignal om byggestart.

Senterpartileiaren hadde med seg fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) til Selje og Seljesanden med den glade bodskapen til kystfolket. Med utsyn til den «heilage øya» Selja og storhavet ved Stad spretta dei marsipankaka for å feire.

Og sjølvsagt: Det er grunn til å feire.

Prosjektet har kome eit steg nærare realisering. Alternativet hadde vore verre, men det ville dei garantert ikkje ha lansert fire dagar før valet. Kystverket har gitt klar beskjed om at dei ikkje kjem vidare med å barbere kostnadane ytterlegare.

Eit sannsynleg alternativ til å få aktuelle entreprenørar til å rekne på anbod, kunne altså ha vore at heile prosjektet hadde blitt skrinlagt. Ein slik lagnad hadde korkje eldsjelene bak prosjektet, lokalsamfunna rundt Stad eller sjøfarande langs heile kysten fortent.

Men det er altså viktig å ha klart for seg at det regjeringa gjer i det komande framlegget til statsbudsjett, ikkje er å gi klarsignal til byggjestart.

Det kjem ikkje til å ligge ei einaste krone i oppstartsløyving i budsjettframlegget. Her er det berre lagt inn eit mindre beløp til å dekkje kostnadane aktuelle entreprenørar vil ha med å rekne anbod. I tillegg er kostnadsramma som Stortinget tidlegare har sagt ja til, indeksregulert.

Det siste er uansett normal prosedyre ved bygge- og anleggsprosjekt har «stått på vent» ei tid etter vedtak.

Måten regjeringa gjer dette på no er uvanleg. Det normale er at det ligg ei oppstartsløyving i potten ved utlysing av anbod. Det vågar regjeringa tydelegvis ikkje å gjere, men vel i staden å drage føtene etter seg litt til.

Måten dette blir gjort på no, gjer at det tidlegast kan kome pengar til bygging i budsjettframlegget neste haust. I beste fall vil det kunne gi byggjestart mot slutten av 2025.

Fram til oktober neste år vil det altså kunne liggje fleire snubletrådar i vegen for realisering. Motkreftene mot Stad skipstunnel har auka det siste året, og ei utsetjing på eit år kan gi desse fornya styrke.

Feiring med både kake, bollar og brus er på sin plass i dag, men den store feiringa bør vi vente med til pengane til oppstart er på bordet. Så kan vi finne fram dei dyre dropane når første salven går av – ein gong i løpet av valåret 2025.