Stad kommune vart trekt fram som ei distriktskommune der det ligg til rette for vellukka vekst og utvikling.

Men fokuset var dessverre på distriktshubar for statlege arbeidsplassar i kommunesenteret, ikkje kva Stad Skipstunnel vil kunne tilføre utkantane. Eit dårleg teikn når det gjeld den sitjande regjeringa si vilje til å satse på småsamfunn på Vestlandskysten.

Stad Skipstunnel

Stortinget har vedteke at det skal byggjast ein skipstunnel gjennom Mannseidet nær det tidlegare kommunesenteret Selje innan ei kostnadsramme på kr 4.200 mill. Planane er gamle og motivet er å sikre tryggare segling og betre regularitet for båttrafikken på det vêrharde havstykket rundt Stadhalvøya. Prosjektet er ikkje blitt mindre aktuelt med auka transport av levande laks og for langs Vestlandskysten.

I dag er her berre éin kolonial- og ingen klesbutikk igjen i bygda. Slikt gjer noko med dei som bur her.

Vedtaket har skapt store forventningar til ei positiv utvikling i heile regionen. Førebuande arbeid har starta, og store resursar, både offentlege og private, er allereie brukte til planlegging og tilrettelegging. Fleire familiar har flytta frå heimane sine for å gje plass til tunnelen.

Dyrtid, med inflasjon og stadig stigande renter gjer at tunnelen vert dyrare enn godkjente rammer føreset. Prosjektet er difor sett på hold inntil nytt budsjett er vedteke. Dette gjer at usikkerheit breier om seg i lokalmiljøet. Skal tunnelen kome, er det viktig å halde byggekostnadene so lave som mogleg. Kort og effektiv transport av tunnelmassane er avgjerande i så måte. Dei kan brukast til opparbeiding av nye næringsareal i nærområdet.

Stad Skipstunnel vil styrke tryggleiken og regulariteten for båttrafikk på det vêrharde Stadhavet, og legge grunnlag for stor lokal næringsutvikling. Begge deler er viktig!

Behov for lokal næringsutvikling

Tettstaden Selje ligg ytst i Nordfjord med det vêrharde Stadhavet som nærmaste nabo. Inntil for få år sidan var dette eit levande administrasjonssenter i ei distriktskommune med ca. 3.300 innbyggjarar. Her var blomstrande industri, eit populært hotell, tre kolonialbutikkar, tre klebutikkar og eit fungerande servicetilbod elles.

Kommuneadministrasjonen, saman med Nav, tannlege, post, bank, politi, likningskontor og fiskerirettleiar var og lokalisert her. Saman med eit aktivt fiskarmiljø og jordbruk gjorde det Selje til ein attraktivt stad å bu.

Dei siste tiåra har Selje mista ca. 300 arbeidsplassar. 230 innan industri i tillegg til tapte arbeidsplassar innan reiseliv, offentleg forvaltning samt privat handel og tenesteyting.

Det populære Selje Hotell brann ned i 2016 og er enda ikkje erstatta. Bortfall av arbeidsplassar innan jordbruk og fiskeri, samt at kommuneadministrasjonen og dei statlege etatane er sentralisert bort høyrer og med til historia.

Kommuneøkonomien var dårleg, og i mange år var her ikkje rom for investeringar til viktig infrastruktur. Som fleire andre distriktskommunar enda det på Robek-lista. Dermed vart også Selje råka av sentraliseringsbylgja som har skylt over Utkant-Noreg. Løysinga på den dårlege økonomien var kommunesamanslåing, og Stad kommune vart oppretta. Her vart Selje ein utkant i ei langstrekt kommune med høg lånegjeld og store ulikskapar i servicetilbod innan privat og offentleg sektor.

I dag er her manko på utbyggingsklare tomter til både bustadbygging og ny næringsetablering. Her er heller ikkje kulturbygg eller funksjonell idrettshall. Det einaste symjebassenget har vore tomt for vatn i 20 år. Eit dårleg utgangspunkt for å snu ei negativ utvikling i eit utarma distriktssamfunn.

Størst negativ effekt har det likevel hatt at heile kommuneleiinga vart flytta samtidig som føresetnadene i samanslåingsavtalen ikkje er gjennomført. Eit stort svik mot det tidlegare livskraftige lokalsamfunnet Selje.

Resultatet er negativ befolkningsutviklinga over mange år. I dag er her berre éin kolonial- og ingen klesbutikk igjen i bygda. Slikt gjer noko med dei som bur her.

Ein bør med rette kunne seie at ytre/søre del av Stad kommune er ved et kritisk vegskilje. Det må eit krafttak i samspel mellom private aktørar og offentlege myndigheiter til for å gjenreise Selje til å bli eit livskraftig og attraktivt samfunn.

Synergiar frå skipstunnelen

Det er utopi å tru at offentlege etatar på nytt etablera seg her. Skal den negative trenden snu, må det skapast nye, private arbeidsplassar. Det er her synergiar rundt Stad Skipstunnel kjem inn.

I tillegg til betre sikkerheit og regularitet for båttrafikk rundt Stadhalvøya, vil den kunne vere nøkkelen til etablering av nye næringsareal. Håpet er at skipstunnelen vert bygd trass i dei mørke skyene ein ser på himmelen.

Det vil føre til endra struktur på båttrafikken langs Vestlandskysten og større reiseaktivitet i Selje-området. Men steinmassane vil og kunne nyttast nær tunnelopninga til opparbeiding av sårt tiltrengde næringsområde for:

  • Foredling og eksport av fisk.

  • Landbasert fiskeoppdrett.

  • Ny og sikker hamn for fiskeflåten.

  • Næringsareal til etablering av nye industriarbeidsplassar innan ulike næringar.

  • Serviceanlegg med kaier og gode parkeringstilhøve for betening av auka antal reisande.

Fleire bedrifter har meldt si interesse, og her vil lett kunne skapast 200 nye arbeidsplassar innan fleire næringar med naturgitte driftsføresetnader. Det vil gjere ei forskjell i lokalmiljøet.

I tillegg vil skipstunnelen verte ein stor turistmagnet og føre til positive ringverknader for reiselivsnæringa i hele regionen. I eit slikt perspektiv er det å forvente at også aktiviteten innan privat service- og tenesteyting vil auke monaleg. Dersom Stad Skipstunnel vert bygd, ligg det difor til rette for ei solskinshistorie innan distriktsutvikling.

Utan vil alt vere som før. Den negative utviklinga held fram. Her finst ikkje ein plan B for å løfte Selje ut av dagens situasjon.