Regjeringa vil at fleire skal få eige sin eigen bustad og den vil ordne opp i leigemarknaden. Det er to av måla i stortingsmeldinga «Gode bysamfunn med små skilnader».

Det er nok å ta fatt i, for å seie det slik.

Pilene peikar nemleg feil veg. Stadig fleire har ikkje råd til å kjøpe sin eigen bustad, eller slit med å få råd. Utviklinga i leigemarknaden er ikkje betre. I pressområda har også leigeprisane skote i vêret.

Men det er ikkje berre i byane bustadprisane skaper trøbbel.

Høge bustadprisar, både kjøp og leige, er verst for dei som ikkje har råd til å skaffe seg ein plass å bu. Dei har det blitt stadig fleire av dei seinare åra. Med unntak av i fjor har talet på fattige familiar auka kvart år dei siste ti åra.

Men også fleire med «normale inntekter» er i trøbbel.

Vi er inne i ein vond spiral. Særleg i dei større byane vil vi kunne få ei meir markert sosial inndeling av bustadområda. Enkelte bydelar kan gradvis blir «overtatt» av husstandar med gode inntekter, medan andre blir dominert av husstandar med låg inntekt. Ei slik utvikling kan også gi sosiale utfordringar.

I tillegg kan vi oppleve aukande problem for rekrutteringa av arbeidskraft til viktige velferdstenester. Når bustad- og leigeprisane aukar raskare enn lønnsnivået, betyr det at stadig fleire yrkesgrupper får problem. Det kan ramme rekrutteringa av personell til velferdstenester, ikkje minst i pressområda.

Det blir vanskelegare å skaffe kvalifisert personell til helsetenestene slike stadar dersom ein sjukepleiar ikkje har råd til å bu der. Men det betyr ikkje at det blir lettare å skaffe sjukepleiarar i distrikta.

Konsekvensen kan like gjerne bli at færre ynskjer å utdanne seg til eller bli i slike yrke, slik vi allereie ser det når det gjeld til dømes sjukepleiarar og lærarar.

Under Arendalsuka mandag presenterte LO hovudfunn frå sin alternativa «sjukepleiarindeks» - inspirert av Eiendom Norges halvårlege indeks. Her blir det slått fast at det er eit misforhold mellom behovet for arbeidskraft og bustadtilbodet, og at det rammar både byar og distrikta.

I pressområda er det høge prisar som er problemet.

Mange distriktskommunar slit med å rekruttere arbeidskraft, fordi det manglar bustadar. Det er også eit konsekvens av ein marknad som ikkje fungerer. Risikoen med å bygge nye hus blir stor på grunn av ein svak andrehands-marknad. Difor blir det bygd for få nye bustadar, og mange vel å behalde eldre hus som fritidsbustad på grunn av lav salsverdi.

Det er nok å ta fatt i, for å seie det slik.