I 200 år har Sverige halde seg unna krig. Heilt fram til for to år sidan var den svenske nøytraliteten halden fram som den viktigaste årsaka til dette.

Det har snudd 180 grader.

Sverige slåst no for å bli medlem i Nato, og både den statsministeren og den svenske forsvarsleiinga ber folket om å førebu seg mentalt og praktisk på at det kan bli krig på svensk jord.

«Det kan bli krig i Sverige och vi måste förbereda oss». Forsvarssjef Micael Bydén och sivilförsvarsminister Carl-Oskar Bohlin (M) la ikkje fingrane mellom under konferansen Folk och Försvar i svenske Sälen denne veka.

Statsminister Ulf Kristersson (M) bad i sin tale folk om vere budde på å forsvare Sverige, svenske verdiar og svensk levesett «med vapen i hand, och med livet som insats».

Så klar tale er unikt og oppsiktsvekkjande – ikkje minst at det kjem frå ein nordisk statsminister.

Delvis kan den forklarast med den dramatiske endringa i svensk tryggingspolitikk etter Russland sin fullskala invasjon av Ukraina. Sverige forlét sin 200 år lange nøytralitetspolitikk i løpet av få veker i ein politisk snuoperasjon som saknar motstykke i svensk politisk historie.

Fleirtalet i Riksdagen og i folket vart endra fasinerande fort.

Snart to år har gått. Sverige sin veg mot Nato-medlemskap går på krykker. Sjølv om det er parlamenta i Tyrkia og Ungarn som hindrar framgang, kan dette på sikt vere eit trugsmål mot den folkelege støtta til den svenske kursendringa.

Krigen i Ukraina er like blodig som den var våren 2022. Framleis utgjer den ein eksistensiell trussel for Ukraina. Krigen beviser også at trusselen frå Russland mot våre land har overlevd Berlinmuren sitt fall – og ikkje lenger berre som ein ny kald krig.

Det betyr ikkje at det er akutt fare for krig på norsk eller svensk jord.

Russland er svekka militært av krigen i Ukraina, og har neppe heller hatt ambisjonar om å bruke militærmakt mot Nato-land eller Sverige. Det er heller ikkje Ulf Kristersson sitt poeng.

Poenget er at vi må sørgje for at Russland aldri får slike ambisjonar. Vi må halde fram med vår støtte til Ukraina, og krigen må også få konsekvensar for vår eigen forsvarsvilje.

Snuoperasjonen i satsinga på forsvaret i Sverige, Norge og andre land i Vest-Europa kan ikkje vere eit blaff. Dette er ei satsing vi må oppretthalde over tid. Då må vi også ta inn over oss at det kan vere reell fare for krig også på norsk og svensk jord, sjølv om det ikkje er fare for at det skjer i morgon.

Poenget til Kristersson er å vekkje ein forsvarsvilje som kan stå i fare for å slumre igjen etter det første krigssjokket. Det gjeld også i Norge.