Kvar femte arbeidstakar i Norge arbeider deltid. Fleirtalet av desse gjer det av eigen fri vilje. Å prioritere fritid framfor arbeid må sjølvsagt kvar enkelt stå fritt til. Det er mange gode grunnar til å ikkje ville jobbe fulltid.

Likevel må det vere eit mål også å få fleire av desse til å jobbe meir.

I mange bransjar er det stor og aukande mangel på arbeidskraft. Får vi ikkje fleire til å jobbe fulltid, vil det ramme mellom anna helsetenestene hardt. Er arbeidspresset grunnen til at nokon «frivillig» vel deltid, så er det arbeidsplassen det må gjerast noko med.

Det er eit tap for samfunnet at vi har ein så stor deltidsandel i Norge som vi har. Og aller verst er det sjølvsagt at svært mange slett ikkje sjølve vel å jobbe i redusert stilling. Det er ikkje berre eit tap for sektorar som manglar arbeidskraft, men for den som opplever å få nei til større stilling.

Deltid betyr redusert inntekt, problem med å få bustadlån og redusert pensjonsopptening. I tillegg kjem utfordringane mange av desse har med å jakte på ekstravakter og vere budd til å stille på kort varsel når tilbodet dukkar opp.

Det gir redusert livskvalitet.

«Vi sløsar med folk og ressursar». Slik kommenterer arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) den nye heiltidsrapporten frå Oslo Economics. Saman med leiar i Fagforbundet, Mette Nord, ber ho arbeidsgjevarane skjerpe seg.

Det er slett ikkje første gong norske kommunar, sjukehus, barnehagar og varehandel har fått ein slik beskjed.

Det ser likevel ikkje ut til å hjelpe.

Rapporten syner at den norske arbeidsstyrken kunne ha blitt tilført heile 32.000 årsverk om vi starta med å seie ja til alle som gjerne vil jobbe meir. Dette er årsverk som norsk arbeidsliv skrik etter, ikkje minst innan ein helsesektor som har stor og sterkt aukande mangel på arbeidskraft.

Trass dette er nettopp helsesektoren ein av bransjane som saman med barnehagar, skular, serveringsbransjen og varehandelen der deltid er mest utbreidd.

Det er mange forklaringar på det, ikkje minst at behovet for arbeidskraft varierer gjennom døgnet, veka eller året.

Ei endring av Arbeidsmiljølova i fjor styrka deltidstilsette sine rettar. Så langt har effekten av lovendringa vore beskjeden, men rapporten frå Oslo Economics fortel at det har ført til endringar i rutinar og fokus blant delar av arbeidsgjevarane.

Likevel er dette neppe nok.

Vi må klare å oppnå betre resultat i det komande tiåret enn i det førre. Regelendringar og nye måtar å organisere arbeidet må vere ein del av dette. Å be folk som strevar med å gjere sitt beste om å skjerpe seg, vil ha svært beskjeden effekt.