Priskutt og gratis ferjer kan vise seg å bli ei kortvarig lykke for ferjereisande i Møre og Romsdal. I alle fall om fylkespolitikarane følgjer fylkeskommunedirektøren sitt råd.

Ho foreslår no å auke taksten med ei sone for alle ferjer.

Fylkespolitikarar som straks skal ut i valkamp, får med dette ei brennheit potet i fanget. Den kan bli vond å svelgje for fleire.

Lovnadane om billegare ferjereiser sat laust i valkampen 2021. Dei første priskutta kom alt i Erna Solberg (H) sitt siste reviderte budsjett. Jonas Gahr Støre (Ap) ville halvere prisen for å vinne tilbake distriktsveljarar frå Sp.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slo til med lovnad om gratis ferjer til samfunn som var utan fastlandssamband.

To år etter at konkurransen om å vere «ferjepolitisk wonderboy» er altså ferjereiser igjen heitt – men no med motsett forteikn. Lovnadane er i ferd med å verte ein floke som fattige fylkespolitikar slit med å løyse.

I denne valkampen vil alt handle om å unngå å bli den som blir sitjande fast i floken.

Tilbodet om gratis ferjer mista nemleg glansen då det plutseleg vart til rutekutt og dårlegare rutetilbod, kutt som rammar nettopp dei mest ferjeavhengige mest. Einaste måten å løyse dette på er meir pengar.

Fylkeskommunedirektøren vil skaffe meir pengar ved å heve takstane med ei sone på alle samband – også dei som skulle vere gratis. I alt kan dette gi litt over 44 millionar årleg av ei total innsparing på vel 62 millionar kroner.

Allereie neste veke skal samferdsleutvalet i fylket ta stilling til dette framlegget. I juni må fylkestinget ta stilling til saka.

Då er det mindre enn tre månadar att til valet.

Valkamp og eit vedtak om å gjere alle ferjer dyrare att er ein dårleg kombinasjon. Særleg vil det vere vanskeleg for Ap- og Sp-politikarar å stå for ei reversering av regjeringa sin politikk og lovnader.

For sjølv om frekvens er viktigare for mange enn at ferja er heilt gratis eller at billettprisen er halvert, vil det stå fram som eit glansnummer i brot på lovnader. Problemet er berre at her er det ingen enkle utvegar.

Om dei ikkje skal auke prisen på ferjereisene, ikkje kutte i rutetilbodet og ikkje køyre den fylkeskommunale økonomien på grunn, må dei trylle fram drygt 60 millionar på anna vis. Det betyr kutt andre stadar.

Samferdsel og skule er dei to store utgiftsområda til fylket. Samferdsel slit alt med eit stort vedlikehaldsetterslep og galopperande kostnader. Skulane har heller ikkje i overflod, og kutt i ein dyr skulestruktur er langt på veg tabu.

Eit anna alternativ er å sende den varme poteta vidare til den som eventuelt må overta ansvaret etter valet.

Det er ei løysing, men ansvarleg politikk er det ikkje.