Regjeringa sine investeringar i samferdsel blir ingen fest for Nordvestlandet. Møre og Romsdal og tidlegare Sogn og Fjordane ser ut til å bli ståande att som taparar i kampen om vegmilliardane.

Igjen – og det er det som er alvorleg.

Den som taper kampen om å byggje ny infrastruktur, taper utviklingskraft og risikerer ei sakte utarming og tap av attraktivitet. Slik blir nye utkantar skapt.

Nasjonal transportplan (NTP) kjem først fredag. Vi veit likevel alt ein god del om kva vi er i vente. Det er smått, men ikkje godt.

Politikarar frå regjeringspartia, med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i spissen, har strødd om seg med godbitar i ein nasjonal salsturné dei siste to vekene.

For å seie det slik: Godteriet er ikkje likt fordelt.

Vinnaren blir Østfold, statstråden sitt heimfylke. Her landar minst 50 milliardar til jernbane og veg. Bergens-regionen, Rogaland, Trøndelag og Nordland kan også koste på seg litt jubel.

Nordvestlandet får småmynt.

Vi får nytt Veibustkryss (E39) i Ålesund til 170 millionar. Ny veg på strekninga Astad Bjerkeset (E39) forbi Batnfjorden til 1,2 milliardar kan også få byggestart om ikkje altfor mange år. Begge ligg inne i planen i første seksårsperiode.

I tillegg kjem det meir til drift og vedlikehald av fylkesvegar, rundt 100 millionar årleg til Møre og Romsdal. Strynefjellsvegen får etterlengta kroner til planlegging, men bygging er i det blå.

Resten er glasperler.

Tunnelen frå Volda til Furene (E39) er eit gryteklart prosjekt som berre manglar eit bompengevedtak i Stortinget. No har det bytta plass med Batnfjorden, og er skubba ut i siste seksårsperiode. Leiaren i transportkomiteen, Sigbjørn Gjelsvik (Sp), seier at prosjektet er «fullfinansiert».

Det grensar nesten til å vere frekt. I realiteten er dette nemleg ei utsetjing.

Prosjekt i siste halvdel av ein planperiode utan ein finansieringsplan står berre med ein kølapp, utan å vite nummeret eller ha garanti om å få sleppe inn i varmen. Volda må leve med E39 gjennom tjukkaste sentrum, og all sentrumsutvikling blir liggjande i fryseboksa.

Ikkje overraskande blir Møreaksen (E39) også skubba ut i kulden. Strekninga frå Moa til Vegsundet (E39) reiste Gjelsvik og resten av salskorpset stille forbi. Stad Skipstunnel lever på nåde, heilt avhengig av korleis det går med den planlagde anbodsrunden seinare i år.

Fasit etter at ny veg mellom Molde og Hjelset blir opna i år, blir altså at ny innfartsveg til Ålesund blir einaste større statlege prosjektet under bygging i nordvest. Det er nesten fullt ut finansiert av bompengar. Så kan vi håpe på skotsalvar i Batnfjorden, ved Stad og på Veibust og at Nye Veier kjem i gang på E136 på Veblungsnes neste år.

That’s all Folks!