At prosjektet er viktig for mange samfunnsområde blir understreka ved at tyskarane ville realisere prosjektet under 2. verdskrig. Hadde siste verdskrig vart litt lenger hadde skipstunnelen vore bygd av tyskarane. At tunnelen er eit strategisk viktig prosjekt er aktualisert på nytt i utspel i Fjordenes Tidenede 12. mai-23 frå orlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskulen Tor Ivar Strømmen.

Stad skipstunnel vil redusere eksponeringa for kysttransporten vår både mot fysiske forhold og mot militære truslar, og samstundes føre til betre utnytting av dei ressursane Norge faktisk har. I ei tid der trusselbildet mot landet er meir utfordrande er ikkje dette eit uvesentleg poeng. Skipstunnelen vil gjere frakt av gods, varer, utstyr og persontransport langs kysten tryggare og lettare. Den vil binde i hop nye bu- og arbeidsregionar i tillegg til å løfte reiselivet vårt både lokalt, regionalt og nasjonalt i kraft av turistattraksjonen som verdas fyrste skipstunnel.

I Kjøde, som er eitt av områda ved tunnelopningane, har folk måtte flytte frå husa sine. Andre har fått krav om ekspropriasjon av bustaden og eigedomen sin. Landområda ved og rundt tunnelen er bundne opp av reguleringsplanar for prosjektet. At prosjektet no er sett på vent skapar på nytt uvisse for innbyggarane, næringsliv og offentlege aktørar. Skal dei halde ved like husa sine, skal dei flytte, korleis vil bygdene sjå ut framover, skal vi satse, blir det utvikling? Alle desse spørsmåla som ikkje får svar rammar framtidstrua til innbyggarane og potensielt nye innbyggarar har. Skal Stad kommune og andre kommunar i distrikta makte kampen om nye innbyggarar – ja så må framtidstrua vere klar og god.

Kostnadsperspektivet har alltid vore brukt mot Stad skipstunnel – prosjektet er for dyrt. Norge AS tener pengar så det held: 15 000 milliardar er verdien på Oljefondet i skrivande stund (E24 19.05.23). Ei stigning på 2500 milliardar på siste 5 månadar, som utgjer ei dagleg auke på 16 milliardar! Av dette kan ein då ikkje sette av 4 milliardar til auka kostnadsramme til eit prosjekt som vil løfte ein heil landsdel og nasjon – Vestlandet og heile Norge. Når regjeringa med Ap og Sp i spissen forventar auka kostnadsramme utan å sende prosjektet ut på anbod, ja så blir det nettopp kostnadsauke. For ikkje å snakke om alle millionane som er brukt på arealplanar, reguleringsplanar, utgreiingar, analysar og rapportar – alt saman er bortkasta pengar! Årsverka og livsverka som er brukt i vertskommunen og nabokommunane på prosjektet er tallause. Er det nokon som har aning om kor mykje pengar som er brukt på prosjektet dei siste 130 åra? At vi faktisk ikkje har råd til å la vere!

Prosjektet har blitt brukt som valflesk ved alle val dei siste åra. Det er knapt ei festtale, valtale eller prosjektplan skipstunnelen ikkje er ein del av. Dette er å halde folk for narr! Det er eg grundig lei av. Det er på høg tid at prosjektet vert gjennomført utan fleire taklingar frå sentrale politikarar på Løvebakken som har gløymt at store verdiar vert skapt i distrikta. Skal landet vårt vere godt å bu i for alle og drive næring, må heile landet takast i bruk. Infrastruktur sjøvegen og på land er viktige føresetnadar for å få til nettopp dette. For eit land som hevdar at dei marine og maritime næringane er den nye oljen, så er det berre 3 % av NTP som er avsett til sjøtransport. Det er eit ganske stort paradoks.

I fjellvettreglane heiter det at det er ingen skam å snu, men det er ikkje tilfelle for prosjektet Stad skipstunnel. Tvert i mot er det både ei skam å snu og folk flest er grundig lei av å bli heldt for narr i denne saka. Det må ikkje vere tvil om at Stad skipstunnel skal byggast no og at gjeldande tidsplan må haldast!