«Tiden er moden. Anledninga er her. Beslutningen er fattet» – sa dåverande kyrkjestatsråd Gudmund Hernes, og det skulle han få rett i. Rosemarie Köhn vart eit forbilde og ein banebrytar. Ho gjekk opp spora for oss kvinner i prestedrakt som kom etter henne. No er halvparten av biskopane kvinner i Norge, og også her på Møre aukar talet på kvinner i prestejobb. Lenge var det ikkje så mange kvinner i Nordre Sunnmøre prosti, men i dag har 8 kvinner prestestillingar. Her og det er godt over 1/3 av prestane.

Sjølv møtte eg Rosemarie på mine første kyrkjemøte på 90-talet som utsending frå Møre. Eg var så heldig å vere i same komite som henne, og opplevde henne som raus, stillferdig og kunnskapsrik. For ein ung og urøynd kyrkjemøtedelegat som eg var den gongen, var det godt å ha nokon som var godt kjend med det meste i komiteen. Ho var ikkje den som var oftast på talarstolen, men når ho sa noko var det vektige og kloke ord.

Rosemarie var også ein god lærar. Dei som hadde henne som lærar på teologisk fakultet i Oslo der ho jobba før ho vart biskop, fortel om ein engasjert lærar som formidla Jesus tydeleg og klart. Utnemninga til biskop skapte bølger, men i fagmiljøet på Universitetet hadde ho god støtte.

Dei andre biskopane var ikkje særleg positive, snarare tvert i mot. Rosemarie måtte stå i mange stormar, og då ho tok til orde for at også homofile prestar som levde i partnarskap kunne ha prestestilling i kyrkja vart bølgene endå høgre. Men Rose stod på sitt og vart slik ei som bana veg for andre.

På 80-talet hadde ho leia eit større forskingsarbeid som tok for seg presterolla og kvinner sin plass i kyrkja, fortel Aud V. Tønnesen frå TF (Teologisk fakultet) i Vårt Land 1.11.22. Det viste at kvinner opplevde å vere einsame i si presteteneste, men også at dei fann glede over å arbeide mellom menneske og leve ut evangeliet. Dette kan vi kjenne oss att i her på Sunnmøre i 2022.

Rosemarie var også i perioden ho var praktikumsrektor oppteken av preika – at den var eit møte mellom tekst og levd liv, og at alle prestar uansett kjønn måtte lære seg å ta i bruk den teologiske kompetansen, samtidig som ein skulle tale med kyrkjelyden og ikkje til den. Preika skulle røre ved dei som høyrde den.

Ho har med rette vorte kalla folkekyrkjebiskopen på Hedemarken – og ho vart også forbilde for kvinner i heile landet med si uredde stemme. Ho var sterkt oppteken av alle som leid urett og bidrog til at folkekyrkja fekk eit meir mangfaldig uttrykk, og at kyrkjerommet vart tryggare og romslegare for fleire.

Rosemarie gjekk av som 67-åring i 2006, men heldt fram med å formidle tru og teologi også etter dette. Vi som kjem etter kan frimodig rette ryggen og gå i hennar spor, vi finn også glede i å arbeide mellom menneska på Møre og leve ut evangeliet.

Vi lyser fred over minnet!