Annakvar dag med sosialisering med barn på eigen alder. Annakvar dag med to born med svært ulike behov heime. Annakvar dag med å helse på pedagogane og fagarbeidarane utanfor barnehagen, medan det er oppbevaring under tilsyn inne.

For vår del er vi heldige som har ein som er heime i permisjon, slik det ikkje går ut over økonomien. Men det er det mange som ikkje har. Småbarnstida er krevjande nok som den er, med born som ikkje søv på nettene, som skal teste grenser og som treng vaksne som er der i dagane deira. Det er vanskeleg å få dagane til å gå rundt med heimebarnehage kombinert med jobb, eller heimebarnehage og jobb etterpå.

Småbarnsforeldre som har born i private barnehagar i streik står no i ein krevjande situasjon. Det er ikkje akkurat slik at ein har eit val om å ha born i ein kommunal eller i ein privat barnehage, fordi det er ikkje nok kapasitet i dei kommunale barnehagane til å ha full dekning. Det private er eit viktig supplement til kommunale tilbod.

Men, det er eit men her. I ein streik er det tredjepart som blir ramma, og det er det i denne streiken også. Små born som ikkje får den stabiliteten og det pedagogiske tilbodet som foreldre og kommunen betalar for. Vi som foreldre får refundert det vi betalar inn for tilbodet vi ikkje får, men det gjer ikkje kommunen.

For ein kan vere så sliten småbarnsforelder at ein kan tru det går ut over liv og helse, men denne streiken her vil nok ikkje bli avgjort med tvungen lønsnemnd. Så når private barnehagar tek imot midlar frå kommunen for eit tilbod som dei no ikkje kan tilby, så bør det vurderast om å halde tilbake midlar kan vere eit verkemiddel for å få partane til å kome nærare kvarandre og få ei løysing på konflikten.

Ifølgje Kunnskapsdepartementet så er det kommunane sjølv som avgjer om dei vil halde fram med å gi tilskot til private barnehagar som er ramma av streik, og eg meiner at det er noko Ålesund kommune no bør vurdere.