I Norge kan vi ikkje dyrke proteinrike bønner og erter i ein skala som monnar for å erstatte mat som kjøtt, fisk, egg og mjølk. På Sunnmøre er det nesten berre gras som veks. Derfor treng vi drøvtyggarane dersom vi skal ha eit landbruk her også i framtida.

Bakgrunnen er at det kjem nye nordiske kosthaldsråd til sommaren. Desse kjem med anbefalingar til norske myndigheiter om å endre våre nasjonale råd. Informasjon frå arbeidet så langt framstiller særleg raudt kjøtt og somme mjølkeprodukt som klima- og folkefiendar.

Sunnmørsposten manar prisverdig nok til ein betre og meir nyansert debatt om temaet. Dessverre går avisa rett i fella sjølv og kjem med nokre svært unyanserte og uriktige påstandar i sin leiarartikkel den 29. april. Mellom anna dette: «Det som utvilsomt er tilfelle er at forbruket av rødt kjøtt de siste tiårene har økt kraftig.»

Dette er ikkje nyansert informasjon. Det er riktig at vi et meir kjøtt i dag enn til dømes på 50-talet, men dette skuldast hovudsakleg at vi et meir kvitt kjøtt, som kylling. Ein del av forklaringa ligg også i svinekjøtt.

Det viktige poenget er dette: Når det gjeld raudt kjøtt frå drøvtyggarane, som ku og sau, er forbruket ganske stabilt. Vi et berre så vidt over dagens anbefalingar på 500 gram raudt kjøtt i veka. Då er svin med i tala, noko som gjer desse tala dobbelt så høge som om vi hadde målt berre kjøtt frå drøvtyggarane.

Norge, og ikkje minst Sunnmøre, er eit hav- og grasland. Fiskeriressursane er uvurderlege for oss. Det same er landbruket. Problemet er at dyrkamarka og beitemarka veks att dersom vi nordmenn urettmessig blir redde for å eta raudt kjøtt.

Kosthaldsråda skal no ikkje lenger handle berre om ernæring og helse, men også ta omsyn til berekraft/klima. Dei som har arbeidd fram tilrådingane manglar kunnskap om berekraftig landbruk i eit norsk klima.

Dei overser husdyras bidrag til biologisk mangfald, kulturlandskap, matberedskap og sosial berekraft gjennom busetting over heile landet. Vi må gjerne dyrke og eta meir frukt og grønt i Norge.

Men løysinga er ikkje å eta dette i staden for norsk raudt kjøtt og mjølk. Då må vi heller eta mindre importert pasta, bollar og pizza og meir fisk, kålrot, potet og bygg. Slik kan vi styrke sjølvforsyninga og matberedskapen vår.

Eg hadde forventa at Sunnmørsposten var meir jorda i den sunnmørske og norske verkelegheita enn det dei viser i leiarartikkelen. I staden promoterer avisa ei endring i kosthaldet som gjer norsk grasbasert landbruk meir og meir irrelevant. Som gjer sunnmørslandbruket irrelevant.