Det e ei utfordring. Det verker som at nokon trur at ein kan få alternativ trase forbi Sjøholt utan Møreaksen, men det er ikkje mogleg.

Derfor er det svært viktig at det ikkje stemmast på partiet Frp verken lokalt eller regionalt.

Nokre i Frp trur også at Aukra og Midsund kan få fastlandssamband utan Møreaksen. Dette politiske partiet er når det gjeld samferdsel, og spesielt i Møre og Romsdal fylke – bakstreversk. Men partiet fortener ros for å gå inn for å fjerne formuesskatten.

Dei har også fått til å redusere bompengesatsar rundt om og fortener hurra for å fase vekk bompengane i samband med Tresfjordbrua. Grunnen til desse ovanfornemde punkt er at Møreaksen kostnad vert dekt av regionale middel og ikkje fylkeskommunale middel.

Møre og Romsdal fylke vil aldri, gjentek aldri, få økonomiske musklar til å verken få til alternativ trase forbi Sjøholt eller etablere fastlandssamband for Midsund og Aukra.

Om Frp hadde fått bestemt i Ålesund, så hadde vi aldri fått bypakken. Aldri.

Heldigvis kom dei ikkje til makta og no investerast det i Ålesundsområdet i oppgradering av veginfrastruktur for 3,5 -4 milliardar og det er fantastisk. Flaskehalsar vert vekke og det vert til og med nye sykkeltrasear.

Så, kjære ørskogbygdarar, stem på kva politisk parti som helst, men ikkje Frp.

Representantar for Frp frå vårt fylke jobbar ikkje for heile Møre og Romsdal. Vi må vere framoverlente. Trafikken forbi Sjøholt er ei sann dagleg plage med dei 7 000 passerande biler der dei fleste også bryt fartsgrensa.

Dette kan berre løyses med etablering av Møreaksen.

Berre slik utløyser aktuelle middel for gjennomføring. Vi har eit oljefond på 15 000 milliardar, så Møreaksen vert knapt peanøtter. Møreaksen er ei sikker investering for å oppnå betre flyt av varer og tenester innanfor fylket og eit steg i riktig retning for ferjefri E39.

I vårt fylke; heilt naudsyn om den maritime industri skal kunne henge med i svingane. På kort sikt må vi jobbe for 40 km/t fartsgrense gjennom Sjøholt sentrum og realisering av minst to fotoboksar. Etter at Møreaksen er kome på plass i nasjonal transportplan og middel bevilga, så må du, kjære lesar, gjerne stemme Frp igjen fordi då vil det partiet jobbe for lågare kostnader knytt til bompengeutgifter.

Så, – stem taktisk.