Landet vårt har to jamstilte språk. Bokmålet dominerer i store deler av landet, nynorsken kjempar for å halde stillinga i andre stader. Det siste er ikkje lett.

Sterke krefter frå ulike hald er motstandarar av at vi i det heile har nynorsken som eit likestilt og oppegåande språk. Motstandarane arbeider ofte målretta og langsiktig.

Kampen skjer på ulike frontar: Barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule, næringsverksemder, massemedia, TV, radio og aviser. Det meste av reklamestoffet vi får servert, er på bokmål – eller engelsk. Vi som vonar på ei framtid for nynorsken på alle desse områda kjem ikkje i mål utan å kjempe.

Vi må for all del ikkje gøyme oss vekk og la humla suse – då er slaget tapt – kanskje tapt for alltid.

Vi har heldigvis dei som vågar å stå fram i denne kampen. Desse vil eg gje ros og heie fram. Noregs Mållag har framgang og deira standpunkt og medieoppslag er viktige i denne kampen. Stå på – vi treng målrørsla i dag meir enn nokon gong. Ros til einskildpersonar som set seg til datamaskinen og skriv innlegg til aviser og media.

I dag vil eg trekke fram Svein Linge sitt svarinnlegg i Sunnmørsposten til ho som skriv om at nynorsk er like meiningslaust som å sykle baklengs. I seks velformulerte punkt gjev han svar til jenta som vil nynorsken til livs. Han avsluttar med:

«Hermine sitt viktigaste synspunkt i hennar forsøk på å gravlegge nynorsken, ved sida av det er vanskeleg å sykle baklengs, synest vere at det er så få som kan nynorsk og at « flertallet» er imot nynorsk: ’Hvorfor skal vi lære et skriftspråk nesten ingen kan’?

Mitt svar er: Nynorsken er eit så viktig fundament i vår kultur at det i dag er enda viktigare å bli kjent med og respektere språket, som bygger på våre dialekter, enn det har vore dei siste 70 åra. Det har heller aldri før vore så lett å skrive nynorsk som i dag. Nynorsk ordliste / retteprogram er installert i dei fleste PC-ar.»

Ottar Grepstad på nynorsk kultursenter i Ørsta har i ei heilside i avisa Møre eit godt innlegg som kallar Helseplattformen ein politisk skandale (Helseplattforma har vi alle høyrt om). Grepstad peikar med rette på at vi er i ferd med å innføre eit digitalt totalsystem utan at dette ligg føre på nynorsk. Ingen har brydd seg så langt, før ein privatperson i Volda kom fram med saka!

For kort tid sidan vedtok Ålesund kommune på nytt å vere språknøytral (= bokmål) – etter 4 år som nynorskkommune. Minst eitt steg attende, spør du meg. Takk til dei som let oss få bu fire år i landets største nynorskkommune.

Leiaren i Norsk Tidend har enno eit innspel i språksaka: «Vi ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovsfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vere viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.»

Til slutt: I 2024 kan vi markere: Det er 50 år sidan Stortinget i 1974 vedtok at lærebøker på bokmål og nynorsk skulle kome til same tid og same pris. For 10 år sidan vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast på to jamstilte språk – nynorsk og bokmål. Det tok si tid!