Det ligg no føre omfattande planar om utbygging av anlegg for lakseoppdrett på sørsida av Sula, i eit naturskjønt område utanfor Eikremsvikane. Det Hitra-lokaliserte firmaet Måsøval har allereie kjøpt opp Vartdal Gruppen, som er ein storprodusent av laks på sørsida av Storfjorden. Om dei får det som dei vil, får dei med dei føreslåtte planane òg eit solid grep om lakseproduksjonen på nordsida.

På heimesida si skryt dei av å sende 2.6 millionar laksemåltid ut i verda kvar veke. Eg trur dermed dei klarar seg fint utan at Sula kommune ofrar av sin fine natur på laksealteret.

Planane viser ambisjonar om heile 13 dekar med laksemerdar, som med forbodssone vil okkupere eit område på størrelse med rundt 50 fotballbaner. Planane gjev gode kalkylar for økonomisk vinst for utbyggjarar og er heilt omtrentlege når det gjeld å talfeste kva økonomiske godar utbygginga vil tilføre kommunen, og er heilt utan heilskapleg miljøtenking.

Utbygginga er ei einaste lang liste av ulemper for ein liten kommune. Utgreiingane til selskapet, som er lokalisert i Trøndelag, legg vekt på at utbygginga ikkje vil påverke den landfaste naturen. Dette er eit perspektiv heilt utan eit heilskapleg syn på natur: ei utbygging på sjøen kan ikkje bli sett i isolasjon frå tilstøytande landområde, av fleire grunnar.

Utsikta frå Eikrem og Eikremsvika er eit av dei vakraste panoramaa på Sunnmøre, med utsikt mot Sunnmørsalpane og inn Storfjorden. For turfolk og fastbuande er dette ei del av identiteten, og Solevåg naturreservat er òg eit av mange økologiske «varemerke» for kommunen. Her har vi ei sjøside som kan vere eit gode for tallause generasjonar framover, om ein stoggar laksebaronane sine vyar om sprengfull konto.

Det øydelegg heile totalopplevinga av natur om ein får eit kjempestort lakseanlegg midt i glaninga. Det er òg økologisk lotto å lage eit lakseanlegg i inngangen til Storfjorden, med tanke på det marinbiologiske miljøet som er innover i fjorden. Det er som utbyggjarane påpeiker ikkje nasjonale lakseelvar i Storfjorden, men det betyr ikkje at det ikkje er lakseelver som vi må verne om og utvikle.

Lakselus, rømt fisk og eit lag av lakseskit på botnen, det er mange faktorar som kan gjere ubotelege skader på naturleg fiskeliv. For å pynte det heilt, vert lakseskiten kalla «fekalier» i rapporten. Det er jo fascinerande, og faktisk språkleg provoserande. Kall no ei spade for ei spade, og skit for skit.

Elles er vinden som bles inn Storfjorden tidvis brutal, og får vi eit heilt eller delvis lakseanlegg i drift i januarorkanen, vert miljøkonsekvensane store. Det er ingen tvil om at det blir meir og dårleg ver framover, og at den kjettingen som held i år, lett kan ryke neste år.

I denne saka voner eg kommunen handlar vettig, og avviser søknaden om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel. Eit lakseanlegg i dette omfanget vil med sikkerheit skjemme Sulalendingane sitt umisselege og sårbare nærområde, og tilføre økologisk risiko som vi i komande generasjonar sitt namn ikkje treng.

Lakseanlegg er ikkje den nye oljen, men godt etablert rasering av vitalt fjordliv.