Torskeoppdrettsfirmaet Ode får starte opp endå eit oppdrettsanlegg i Voldsfjorden etter at Naturvernforbundet si klage til Miljødirektoratet vart avvist.

Til dette kommenterer Ode (Møre-Nytt 7.04.24): «- Dei siste åra har vi sett at Naturvernforbundet nesten på automatikk klagar på det meste torskeoppdretts-næringa føretek seg. Vi skulle ønske at Naturvernforbundet ville ha meir dialog med oss i staden for å klage på alt.»

Eg er sjokkert over at Ode er så lite audmjuke. Svimlande 87.000 oppdrettstorsk rømte frå deira anlegg i Voldsfjorden hausten 2022. Under ein prosent av desse vart fanga. Resten har enten døydd ein pinefull død, eller dei sym (erfaringsvis) framleis rundt i fjorden og utgjer ein trussel mot den naturlege villtorsken ved at dei mogleg kan blande seg genetisk.

Og likevel synest dei det er på sin plass å ynke seg over at Naturvernforbundet klagar! Det vil eg kalle ein særs umusikalsk sigerssong.

Heile torskeoppdrettsprosjektet er eit prøve-feile-prosjekt der ein veit alt for lite, og håpar på det beste. Oppdrettstorsken skulle ikkje greie å rømme. Men det gjorde den. Den skulle heller ikkje greie å gyte. Men lokale fiskarar har fått oppdrettstorskar med både rogn og mjølke. Ei genetisk innblanding er endå ei bør på lasset for dei allereie svake kysttorsk-bestandane våre.

Me har og har hatt eit oppdrettslakseventyr som har gitt samfunnet og enkeltpersonar store inntekter, men naturen og villaksen har betalt ein særs høg pris. No er det villtorsken sin tur. Og bakom syng Miljødirektoratet.

På den polerte og grønvaska nettsida si skryt Ode: «Nurtured in controlled environments based on sustainable principles.» Lengre frå sanninga kan ein nesten ikkje kome. All ære til Naturvernforbundet, frivillige eldsjeler som gjer det dei kan for å hindre ei mogleg naturkatastrofe, med håp om å bevare vår felles ressurs: villtorsken.

Hald fram kampen mot torskeoppdrett!