Eg kan lese i lokalavisene at de er gitt konsesjon til nye torskeoppdrett, til dømes inne i Voldsfjorden. No undersøker forskarane konsekvensane av Noregs største rømming av oppdrettstorsk i Volda der 87.000 småtorsk rømde i september 2022. Samstundes kom det i dag ei risikovurdering formidla frå Havforskingsinstituttet der forskarar peikar på sju vitige kjelder for risiko for villfisken. Her vert det peika på ein nypublisert artikkel i tidsskriftet Reviews i Aquaculture.

Havforskar Thomas Bøhn har spesielt sett på kva konsekvensar oppdrettsanlegg kan ha for villtorsken. Han meiner at miljøbelastninga frå oppdrettsnæringa bør minimerast og at ein treng kunnskapar om korleis akvakultur kan påverke ville fiskeslag langs kysten.

I torskeanlegga er det lys ned i merdane som trekk til seg villfisk, samstundes som det er store mengder med spillfôr som fôrar fisk som star rundt og under desse anlegga. Til dømes vert det vist til at ein i dag ikkje veit nok om negative konsekvensar av at villfisk et for som er berekna for oppdrett. Bekymringa er at det kan ha negative konsekvensar for reproduksjonen.

Dei sju største risikokjeldene forskarane peiker på er:

  1. Torsk vert trekt mot oppdrettsanlegg: mellom anna spillfôr, mindre byttefisk og kunstig lys kan føre til at torsk søkjer mot anlegga.

  2. Torsk vert skremd vekk frå oppdrettsanlegg: aktivitet, bråk og utslepp av kjemiske stoff knytt til anleggsdrifta kan skremme villfisk vekk frå anlegga.

  3. Endra feittsyresamansetning i spillfôr som torsken et: fiskefôr er for det meste laga av plantebaserte ingrediensar, og feittsyresamansetninga er difor annleis enn i torskens «vanlege» måltid.

  4. Auka vekst på grunn av spillfôr nært anlegg: betre tilgang på mat kan føre til at torsken veks fortare.

  5. Utslepp og eksponering for giftige kjemikalium frå anlegg: kjemikalium frå avlusing og notimpregnering kan leke ut i torskens miljø.

  6. Endring av tilgjengelege byttedyr for torsk: økosystema i nærleiken av anlegg kan verte påverka av utslepp, og mattilgangen for torsken kan verte endra.

  7. Smittespreiing av virus, bakteriar og parasittar: om villfisk samlar seg nær anlegga, vert det fleire kontaktpunkt både mellom oppdrettsfisk og vill fisk, og mellom ulike artar villfisk som samlar seg. Risiko for smitte aukar når individtettleiken aukar.

Forskarane peikar også på ulempene ved at for til oppdrettsfisken ikkje vert eten opp, men går ut av merdane som villfisk vert tiltrekt av. For det er store mengde spillfôr, truleg 60.000–100 tonn per år som fører til at villfisk samlar seg der, står det i rapporten. Dette kan endre samanhengar og heilskapen i økosystemet.

Havforskar Bøhn er bekymra for at endra åtferd frå villfisk ved oppdrettsanlegga kan påverke villtorskens beiting, gyting og vandring, og at feittsyresamansetninga frå plantar kan føre til dødelegheit for sårbare livsstadium. Samling av svært mange villfisk-individ rundt anlegga gjev òg høgare risiko for sjukdomssmitte, meier forskaren.

I naturmangfaldlova vert føre-var-prinsippet lagt til grunn for å vareta naturmangfaldet, mellom anna bygd på forsking. Etter mitt syn vert nye torskeoppdretts-konsesjonar gitt utan at ein veit kva negative konsekvensar dette kan få på sikt.