Ein serie kritiske fjernsynsprogram har fått svenskane til å endre syn på medisinsk behandling av barn og unge med kjønnsinkongruens (manglande samsvar mellom kroppen og personen sin oppleving av eige kjønn).

Frå å ha vore av dei mest liberale når det gjeld å gi behandling med hormon og kirurgi til barn og unge som slit med å finne seg til rette i eigne kroppar, så har svenskane no bråvendt i dette spørsmålet. Kva har skjedd?

Dei har bestemt at første tilbodet skal vere psykisk/psykiatrisk utgreiing, gjennomføring av observasjonar over tid og inkludering av foreldre. Vidare; at behandling skal skje gjennom utforskande terapi og ved psykososial støtte.

Dette er nedfelt i den nye svenske behandlingsretningslina frå februar 2022. Den bryt radikalt med tilrådinga frå helseorganisasjonen WPATH (World Professional Association for Transgender Health) som nær alle retningslinene på dette feltet, hittil har bygd på. Inkludert den nye norske retningslina som kom i 2020.

I den norske er det vektlagd å stadfeste pasienten sin opplevde kjønnsidentitet for å oppnå samsvar mellom opplevd kjønnsidentitet og den fysiske kroppen. Det inneber at det er den fysiske kroppen som skal tilpassast personen sin oppleving av eige kjønn, og at behandling med hormon og eventuell kirurgi skal vere lett tilgjengeleg.

Den nye svenske praksisen rettar også fokuset på personen sin eigenoppleving av kjønn, men då ved å legge til rette for i ein terapeutisk utforsking av identitet i brei forstand. Hovudargumenta for omlegginga av den svenske praksisen, er grunngjeve i følgande tre punkt:

  • Manglande kunnskap om langsiktige konsekvensar av medisinsk behandling som t.d. pubertesblokkerar

  • Ny kunnskap om at fleire angrar og ønsker å gå tilbake til sitt biologiske kjønn

  • Uvisse om kvifor ynskje om kjønnsskifte blant unge har auka så sterkt dei seinare åra

Omlegginga av praksisen i Sverige heng også i hop med at dei no baserer behandlinga på eit utviklingspsykologisk perspektiv. Det betyr at dei forkastar ideen om at barn har ein medfødd indre kjønnsidentitet. Ein spekulasjon som er fremma av transaktivistane, utan dekking i forskingsbasert kunnskap, og som har fått gjennomslag i behandlingsfeltet.

Den nye svenske behandlingsretningslina er svært viktig fordi den kan tene som ein mal også for behandlingstilbodet her til lands. Den representerer eit skifte som varetar barn og unge si helse på eit heilt anna og radikalt høgare og meir forsvarleg nivå enn den norske.

Eg vonar at norske helsemyndigheiter tar lærdom av svenskane. Finland har tidlegare stramma inn behandling med hormon/kirurgi, og vi ser allereie ringverknadar til Frankrike og Storbritannia.

Som psykolog med klinisk erfaring frå barnefeltet, håpar eg at vi også i Norge snur på dette viktige feltet. Det vil bety at faget vårt kjem i førarsetet, i staden for behandling styrt av ideologi.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!