På Vestkapp brukar vi utelukkande norske råvarer, og aller helst lokale. Då er vi sikre på at dyra har hatt eit godt liv før dei går til slakt. Dei er fora opp på god mat, heilt utan antibiotika. Reisevegen frå jord til bord er kort, og vi sparar miljøet for unødvendig lang transport. Vi har råvarer rundt oss av ypperste kvalitet! Enn så lenge i alle fall. Det som skjer i norsk landbruk akkurat no bekymrar meg stort. Den eine bonden etter den andre vert tvungen til å leggje ned. Utgiftene har auka kraftig, og økonomien går ikkje rundt lenger. Ingen er villig til å betale for å gå på jobb, heller ikkje bonden. Tilskudda må auke, og det no!

Mistar vi bonden vår, vert ringverknadane store for oss alle. For å sitere Wasa: «Du blir det du spiser.» Eg for min del vil både spise og servere mat som er uten antibiotika og sprøytemiddel, mat som er bra for miljøet og bidrar til eit bærekraftig samfunn. Kva med deg?

Landbruksoppgjøret skjer i desse dagar. Gje bonden ei inntekt å leve av! Eg vil oppmode alle mine bransjekollegaer å slå eit slag for nettopp sin bonde. Vi har ingen å miste!

Litt av stadhalvøya sett frå Stålet. Stadlandet er eit utvald kulturlandskap. Korleis vil her sjå ut om 10/20 år, om vi ikkje lenger har dyr på beite?, spør Kristina Myrseth. Foto: Wenche Leknesund