Gjennomsnittsalderen for å få ein smarttelefon i Noreg i dag er 8,8 år, ifølge Barnevakten.no. Dette meiner eg er altfor lågt.

Smarttelefonen kan vere nyttig i form av å ringe eller kontakte foreldre etter skulen osv.

Men barn har ofte ein heilt anna meining med å få seg og bruke mobilen.

Eg meiner at barnet bør vere minst 10 år for å få ein mobil.

Barn vil ofte chatte med andre, sjå på videoar og bilete og ikkje minst sende og dele video og bilete. Dette kan føre til høg skjermtid som igjen fører til lite sosial kontakt i verkelegheita.

Så når skal eigentleg barnet få ein mobil?

I ulike tilfelle som sjukdom, store avstandar og det å gi beskjed kan det hende at barnet treng ein mobil. Og det er her foreldre i samarbeid med barnet må lære barnet om nettvett og skjermtid.

For eit barn på 8 til 9 år kan dette vere vanskeleg å forstå, nokon klarer det sikkert, men eg meiner at man må minst vere 10 år for å få ein mobil.

Når man er under 10 år og får ein mobil med tilgang til heile internettet og alle slags appar kan det fort gå gale.

Underhaldningsappar som YouTube og TikTok stel tida som barna kunne brukt til å vere ute og leike med andre.

På appar for chatting som Snapchat kan mobbing fort bli eit problem. Men er det da lurt å ha aldersgrenser på desse appane?

Har man aldersgrenser på appar som gjer at barn ventar til dei er 13 eller 14 har barna ofte større kunnskap om nettvett og skjermtid. Da kan ungdommen bruke mobilen smartare.

På ein anna side kan det bli eit sosialt press visst andre bryt aldersgrensene og man blir den einaste i vennegjengen som ikkje har Snapchat for eksempel.

Sosialt press har mange biverknader som i verste fall kan gjere at et barn ikkje orkar å gå på skule for eksempel.

Men alt ansvaret ligg ikkje på foreldra, barn må også ta ansvar og lære seg nettvett-reglane og bruken av ein telefon.

Eg tenkjer at barn som treng ein mobil av ulike årsaker som sjukdom, store avstandar og det å sende ei melding skal få ein mobil.

Men då må foreldre i samarbeid med barnet regulere bruk og lære om nettvett. På bakgrunn av dette meiner eg at barnet bør vere minst 10 år for å få ein mobil.