Vi har lenge høyrd at hovudårsaka til dei høge straumprisane i Norge er dei "ekstremt" høge gassprisane i Europa. Dette har blitt sagt av ein rekke politikarar frå dei fleste parti, men også frå sokalla ekspertar.

Ja vel, men kva er gassprisane i Europa? Eg har leng prøvd å få svar på kva prisen for gass til hushaldningane Tyskland er. Eg har sendt spørsmål til Statsministerens kontor, Rasmus Hansson i MDG, Tina Bru i Høgre, Nikolai Astrup i Høgre, Terje Aasland i Ap. Dette er politikarar som på TV har sagt at hovudårsaka til dei høge straumprisane i Norge er dei ekstremt høge gassprisane i Europa. Eg har sendt dette spørsmålet til fleire andre både politikarar," ekspertar" og Faktisk.no, men eg har ikkje fått svar på mitt spørsmål.

Statsministerens kontor svarte at dei sende mitt spørsmål til Olje og energidepartementet, så Statsministerens kontor visste det ikkje. Eg tvilar på at der er nokon politikar som har undersøkt kva prisen på gass er. Etter purring fekk eg svar frå Olje- og energidepartementet, rundt ein månad etter at Statsministerens kontor sende dei spørsmålet:

"Den tyske energibransjeorganisasjonen BDEWs analysar viser at gassprisen for nye husholdningskunder med et årsforbruk på 20 000 kWh gass til oppvarming og varmtvatn i snitt var om lag 12,21 eurocent per kWt i januar 2022. Av dette var om lag 60 pst.innkjøpsprisen (markedspris) for gass og om lag 40 pst. ulike skatter og avgifter."

Prisen på gass til hushaldningar i Tyskland var i januar om lag 12,21 eurocent som er om lag kr 1,20 per kWh med skattar og avgifter. Gassprisen utan avgifter er om lag 72 øre per kwh. Dette er ikkje høge prisar, langt lågare enn straumprisen i Sør-Norge. Dei same politikarane og ekspertane sa at gassprisen har blitt 5 – 6 gonger så dyr siste året. Om det var rett er normalprisen for gass til hushaldningar i Tyskland med avgifter ca. 20 øre per kWh – ein pris som er langt lågare enn "normalprisen" på straum i Norge. Men det er ikkje rett. Ein må her hugse at hushaldningar i Tyskland, og dei fleste land i Europa, brukar gass til oppvarming og koking – så dei brukar langt meir gass enn elektrisitet.

Eg bur i den del av Norge som har sleppt unna dei høge straumprisane. Vi betalte for straum i desember med avgifter kr 1,38 per kWh, noko som er høgare enn den sokalla "ekstremt" høge gassprisen hushaldningar i Tyskland betaler.

Så blir det sagt at straumprisen i andre land er mykje høgare enn den høge prisen i Sør-Norge. Det er også feil. Totalt sett er prisen for gass og elektrisitet til hushaldningane lågare i Tyskland enn det hushaldningane i Norge betalar. Om nokon meiner dette er feil må dei kome med tal som motbeviser dette.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!