Det mest sjølvsagde er at ferja må ha universell utforming. Vidare krev Volda kommune ferjemateriell i sambandet som gjer at det på nytt kan innførast 30 minutts avgangar.

Statens vegvesen har no svart på dette innspelet, og som venta var svaret svært nedslåande.

Når det gjeld kravet om universell utforming svarar vegvesenet at avviket er under sakshandsaming utan å seie noko om kva tid dette vert ordna opp i. Var kravet om universell utforming ikkje med i kontraktskravet? I tilfelle det var det, kvifor har reiarlaget sloppe unna i fleire år utan at dette kravet er oppfylt.

På andre krav frå kommunen svarar vesenet at MF Finnøy teknisk er etter kontrakt og at den er ombygd til elektrisk drift.

Det er no meir enn to og eit halvt år sidan ruta, med argumentasjon om elektrisk drift vart omlagd til frå 30 minutt til 40 minutts avgangar. Framleis går ferja for det aller meste på fossil energi. Berre enkelte gongar vert batteria lada på Folkestadsida. Ombygginga til elektrisk drift har i tillegg ført til større vanskar med om bord- og ilandkøyring for semitrailerar og andre bilar med låg bakkeklaring.

Som resten av båten er toaletta under ein kvar kritikk og tydelegvis svært vanskelege å halde «ship shape» og trivelege for publikum.

At denne holken er etter kontraktskrav fortel berre at dei som har utforma krava sterkt har nedprioritert dette sambandet og dei som dagleg er avhengige av det.

Eg vonar at Volda kommune følgjer opp denne saka vidare og at Statens vegvesen, i staden for å setje seg på sin høge hest og seie at alt er i orden, høyrer på brukarane sine meiningar og rettar seg etter det.