Nokon seier at dei sleper føtene etter seg. Og resultatet viser igjen på meiningsmålingane, Ap og Sp har blitt kraftig reduserte.

Folket er fortvila.

At regjeringa er så sein med rettferdige ordningar, når det gjeld den høge straumprisen, er ein del av den alvorlege kritikken mot dei.

Dei kunne gjere det så enkelt at dei betalte attende det dei tek inn i ekstra innkome på straum og avgifter som er knytt mot straumkostnadar.

Det har ikkje noko med oljefondet å gjere.

Oljefondet ja. Heile tida er det et mas om at vi ikkje må bruke av det. Først vil eg slå fast at det er ei stor forskjell på forbruk og investering. Men investering kan også vere risikabelt. Ja, ein kan rote vekk heile oljefondet på investeringar i utlandet.

Verdskrakk har vi hatt før, når det gjeld økonomi. Siste store krakket var i 1929. Historia kan gjentake seg. Det vi investerer i vårt eige land, kan ikkje noko anna land take frå oss.

Det er lite snakk om korleis oljefondet kastar vekk pengar i utlandet. i Russland har oljefondet tapt 276 milliardar, tilsvarande om lag 100 Stadt skipstunnelar.

Og så høyrer vi no rykte om at dei må utsette Stad skipstunnel i statsbudsjettet.

Ja, slik kan det gå når Ap og Sp styrer med støttespelar SV. Ap og Sp med leiarar frå Austlandet.

Støre og Vedum, to av same slaget. Det er til og med slektsrelasjonar mellom dei.

Dersom argumentet for å utsette bygginga av Stad skipstunnel er at det kan vere inflasjonsdrivande, så kan det stort sett løysast ved at vi let utanlandske selskap bygge den, og dermed take med seg pengane ut av landet. Då er det pengar som ikkje vert putta inn i innanlandsøkonomien. Og investeringa er berre som smular å rekne i forhold til det vi risikerer på utanlands-investeringar, som det vi rotar vekk i Russland.

Framtida til Norge kan vere avhengig av kva konkurransekraft vi kan bygge opp gjennom investering i samfunnet , – infrastruktur, forsking og kunnskap (utdanning).

Om regjeringa ikkje forstår dette, og utsett enno ein gong bygginga av Stad skipstunnel, bør det gi vidare utslag i meiningsmålingane. Og vi bør ikkje støtte dei verken no eller i framtida.

Kanskje bør det kome eit skikkeleg kystopprør,- om bygginga av Stad skipstunnel ikkje kjem i gong no. Det ser ut som dei har mest fokus på å gjere om det som alt har vore bestemt.

Sjølv om det er berre kommune- og fylkesval neste år, kan vi gjerne la vere å stemme på disse partia. La vår skuffelse vise igjen. Kanskje vaknar dei då.