For dei som bur på desse stadane og mister nærbutikken sin er det ei tragedie for alle som bur i desse bygdene.

Eg bur i ei slik bygd der nærbutikken har fått marknadssegment og mista omsetning og er nedleggingstruga. Eg har sidan 2012 i ei rekkje avisartiklar prøvd å nå fram til konsernleiinga for å fortelje kva Coop-leiinga kan gjere for å få til eit felles segment der solidariteten rår. I eit skriv til Cvoop oppfordrar Vevang kvinne og familielag om å omorganisere butikken på Vevang til Extra-segmentet som vil gje betre tilbod til kundane og fleire kundar og auka omsetning.

Det er eine og åleine for høge prisar i marknadssegmentet, som er den verkelege årsaka til den store nedlegginga av butikkar i Coop.

Godviljen er framleis til stades, men den er på vikande front om ikkje kjedeleiinga endrar kurs og tek til å bruke sunn fornuft. Ein treng ikkje å ha gått på handelshøgskule og vere siviløkonom for å forstå at folk flest ikkje er dummare enn at dei handlar der prisane er lågast og ein får mest for pengane. Det er berre dei argaste samvirkeidealistane som i solidaritet betaler meir for å få behalde lokalbutikken i bygda. Sjølv slike idealistar kan gje opp når ein har kjempa for dauve øyrer i meir enn 10 år.

I Romsdals Budstikke kunne vi 28. november lese om ein Coop-butikk som var oppgradert til Extra-butikk i Eidsvåg, noko som gav fart på omsetninga. Berre siste året er omsetninga auka frå 50–60 millionar årleg. Butikksjefen i Eidsvåg har eit klart inntrykk av at kundane er meir prisbevisst og jaktar på dei lågaste prisane.

Leiinga i Coop vil ha godt av å lese denne artikkelen om butikken i Eidsvåg som har lukkast så godt etter at det vart endra segmentprisar, som stod på side 9 i nemnde avis.

Dette er ikkje berre eit døme, men eit klårt og avgjerande bevis på kva som må til om ein skal overleve og i tillegg verte marknadsleiar. Eg står gjerne til teneste om Coop treng hjelp til å finne vegen til å meir enn doble omsetninga si og verte marknadsleiar. Då treng ein ikkje lenger streve med mange unyttige segment om ein verkeleg ønskjer å vere solidarisk i heile organisasjonen, utan å sende eit utal med tilbodsblad til marknaden. Då er det nok med eitt og same blad til alle, Då først er ein solidarisk med alle sine kundar.

Heilt til slutt hugs at ingen organisasjon er sterkare enn det svakaste ledd. Den sanninga vonar eg at Coop-leiinga vil akseptere og praktisere for ettertida, Då hare organisasjonen ei framtid!