“Demokratiet skal tilbake til Haram” las eg i ei annonse nyleg. Det er sterke ord. Som om Ålesund kommune ikkje har hatt fokus på Haram kommunedel. Etter at Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) tok over prosjektering av Vatneeidet skule vart budsjettet utvida med 100 millionar i forhold til det tidlegare Haram hadde budsjettert. Det var for å sikre betre undervisningsrom for elevane og betre arbeidsrom for lærarane. Haramsøy skule ligg inne i første del av økonomiplanen. Nordøyvegen vart sikra ved at politikarane i dei fem kommunane stod saman om å garantere 200 mill. Så må vi ta felles ansvar for at vi hadde for stor forbruk inn i den nye kommunen – og at det vart tvingande nødvendig å kutte stillingar – både i administrasjon og i tenesteyting. Vi burde så avgjort hatt betre kontroll på økonomien ved overgang til ny kommune.

Med Vebjørn Krogsæter som varaordførar, 20 prosent av kommunestyret frå Haram og Siv Ulla som komiteleiar for helse og velferd, har Haram kommunedel hatt gode føresetnader til å sette sitt preg i styringa av den nye kommunen.

Det få eller ingen av oss hadde teke høgde for, var kompleksiteten i å skru saman ei ny kommune. Der forrekna vi oss. Vi burde ha skjøna at “harmonisering” av fem kommunar ville bli svært krevjande både økonomisk, politisk og ikkje minst i forhold til meirarbeid for dei tilsette. Det er denne samkøyringa regjeringa no meiner vi bør avbryte – og legge til rette for ei reversering av Haram. Eg kan forstå innbyggarar i Haram som kjente seg overkøyrt av tvangssamanslåinga at dei ynskjer ei reversering. Men eg synest det er uklokt av regjeringa å dra i gang ein ny opprivande delingsdebatt medan vi står midt i bygging av ei ny kommune. Det er etter mi meining for tidleg å felle dom over den nye kommunen etter berre to års drift.

Det vert understreka både av finansminister Slagsvold Vedum og andre at dersom kommunedelar i Haram ynskjer seg tilbake til Ålesund i framtida vil ein kunne få til det etter grundige prosessar i samsvar med inndelingslova. Men kvifor då slik hast akkurat no for ein overbelasta organisasjon? Dersom det er så viktig for Haram kommunedel å bli eigen kommune igjen, kan vel også det skje i ro og mak etter at nye Ålesund har fått sett seg og vist kva den kan bli til. No vert den nye kommunen dømd nord og ned etter to år. Er ikkje det litt forhasta?

Tvangssamanslåing var ikkje noko Ålesund hadde ynskje om. No har vi brukt dei fire–fem siste åra til å finne saman som ny kommune. Det har vore ein kjempejobb. Er det verkeleg rett bruk av ressursar å bruke dei fire neste åra til å dele og bygge opp igjen nye Ålesund og nye Haram? Folkeavstemming, innbyggarundersøking, kunnskapsgrunnlag og krevjande politiske vurderingar skal samlast til eit endeleg svar. Så bruk for all del stemmeretten.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!