Enten det er ein tilsikta handling eller skjer ved eit uhell, vil konsekvensane vere ufatteleg øydeleggjande for menneske, dyr og miljø. Det er umogleg å førebu seg på å handtere konsekvensane av atombombing. Norske legar mot atomvåpen har laga ein rapport, som estimerer dei humanitære fylgjene, viss ein av dei fire største norske byane vert ramma.

Utgangspunktet for rapporten er ei erkjenning av at atomvåpen finst, og så lenge dei finst, er det ei fare for at dei vert brukt. Konklusjonen er hundre tusenvis av døde og skadde og helsevesenets totale kollaps. Ingen land har eit helsevesen som er førebudd på å handtere ein atomvåpenkatastrofe.

FNs atomvåpenforbod blei vedtatt 7. juli 2017 av 122 medlemsstatar. Det er ein omfattande traktat, som forbyr alle former for atomvåpen. Traktaten trådde i kraft i januar 2021. Noreg har boikotta avtalen saman med dei ni atomvåpenmaktene og fleire NATO-land.

ICAN Cities Appeal, den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen, blei tildelt Nobels fredspris i 2017. Nobelkomitéen har anerkjent traktaten som eit viktig, kanskje avgjerande, skritt på vegen mot ein atomvåpenfri verd. Med «ICAN Cities Appeal» kan norske byar og lokalsamfunn bidra til å auke presset på nasjonale myndigheiter til å bli del av forbodstraktaten.

78 norske byar og lokalsamfunn har signert oppropet, deriblant Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Her i fylket har Ålesund, Kristiansund, Sunndal, Fjord, Ørsta og Volda signert oppropet og no også Ulstein!

Kommunestyret vedtok i møte 14. september å signere oppropet med ein oppfordring til norske myndigheiter om å ratifisere FN-traktaten om atomvåpenforbod. Uttalen var foreslått av Ulstein SV. Den lyder:

  1. Kommunestyret ber ordførar signere «ICAN Cities Appeal»

  2. Kommunestyret i Ulstein er djupt bekymra over den alvorlege trusselen atomvåpen medfører.

Kommunestyret meiner at våre innbyggjarar og menneske over heile verda har rett til å leve utan denne trusselen. Risikoen for at atomvåpen vert tatt i bruk er auka i seinare tid, etter at Russland invaderte Ukraina. All bruk av atomvåpen, uavhengig av om den er tilsikta eller skjer ved eit uhell, vil ha katastrofale, omfattande og langvarige konsekvensar for menneske og miljø. Derfor støttar vi FNs traktat om forbod mot atomvåpen og ber regjeringa signere traktaten.