Enda ein gang står fram Sunnmørsposten meir som eit mikrofonstativ for dei raudgrøne partia her i fylket, og evner ikkje å sette «halen på rett katt».

Og sjølvsagt er det underteikna og FrP som visuelt blir forsøkt sverta, i ein situasjon der det slett ikkje er FrP som har styrt fylket dei siste 12 åra.

Fylkestinget gjorde eit klokkeklart budsjettvedtak i desember, som slett ikkje går an å misforstå:

«Ferjedrifta skal ikkje kuttast eller aukast kostnadsmessig for bilistane og næringslivet».

Fylkeskommunedirektøren har slett ikkje forstått si rolle, men har grepet fatt i med total omkamp på alle området i budsjettvedtaket som var klokkeklare.

Områda som fylkeskommunedirektøren meinte var uklare, har ho galant hoppa bukk over, og kvar har det blitt av fylkeskommunedirektøren sitt eige tabbeopplegg der administrasjonen bomma med 67 millionar kroner i sitt eige budsjett.

I januar kom Fylkeskommunedirektøren lurande i fyrste fylkesutvalsmøte med ei skikkeleg budsjettfadese, der det var rekna feil med heile 67 millionar kroner som mangla i budsjettet.

Fylkeskommunedirektøren tilrådde at fylkesutvalet vart omgjort til fylkesting med å bruke hasteparagrafen. Kvifor dette var så viktig ser vi klart og tydeleg no, når desse 67 millionane ikkje er nemnt med eit ord til fylkestinget i april.

67 millionar kroner vart finansiert i hovudsak av disposisjonsfondet, og var i realiteten eit grunnlag for å gå rett i ROBEK, då budsjettet som var vedteke før jul ikkje var i balanse.

Men, dette vart panikkbehandla av fylkeskommunedirektøren og har ikkje levna ei setning om denne fadesen i budsjettsaka no i april.

Fylkeskommunen skal rasjonaliserast og det er på høg tid. Fylket har levd i sus og i dus i lang tid, og med heile 5,1 milliardar kroner i budsjettramme, er kutt på 90 millionar meir som ei lett krusing.

Til samanlikning er dette for til dømes ei kommune som Hareid kutt tilsvarande om lag 7–8 millionar kr, medan dei i år skal kutte 50–60 millionar kroner.

Likeins har dei fleste kommunane her i fylket grunna tidenes verste regjering, med tidenes lågaste rammer til kommunane og fylka, betydelege større kutt i sine budsjett.

Men, fylkeskommunedirektøren krisemaksimerer det meste til himmels og skal sende alle kostnader til innbyggjarane og næringslivet i heile fylket, ferjedrifta skal finansiere det meste. Kutt i eigen administrasjon, der 85–90 prosent av utgiftene i fylket er lønnskostnader, er fråverande.

Fylkeskommunen må omstillast og kraftig rasjonaliserast.

Då forstår alle at om dette skal bli berekraftig over tid, må driftsnivået ned. Dette betyr betydelege kutt i administrasjonen, det er der kostnadane i hovudsak ligg.

Dette kan sjølvsagt gjennomførast utan at dette rammar i hovudsak dei viktige tjenesteområda, slik som skule, ferjedrift, buss, båt, vegdrift og andre viktige område.

Dette skal vi levere på, og dette gjekk vi også til val på.