Ap-Sp regjeringa har kutta overføringane til kystfylka i statsbudsjettet for 2023. Den same regjeringa har sett ned eit utval som foreslår å flytte ytterlegare nesten 200 millionar frå Møre og Romsdal til innlandsfylka. Kva gjer fleirtalet i fylkestinget som følgje av nasjonal politikk? Jau, dei kuttar i samferdsel. Berre på ferjedrifta er det kutta 24,1 millionar i årets budsjett. Fleirtalet i fylkestinget, med Ap og Sp i spissen, kuttar i ferjetilbodet over heile fylket.

Desse sambanda får redusert tilbod og kutt i avgangane i 2023: Hareid-Sulesund, Magerholm-Sykkylven, Eidsdal-Linge, Seivika-Tømmervåg, Solholmen-Mordalsvågen, Aukra-Hollingsholmen, Åfarnes-Sølsnes, Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya og Brattvåg-Dryna. Denne nedbygginga av ferjetilboda må stansast og reverserast. Kva meir som skal kuttast innan samferdsle, kan ein lure på, fleirtalet held korta førebels tett til brystet.

Kommunikasjonar som veg og ferje må prioriterast, ikkje nedprioriterast. Sjølv i strammare tider er det mogleg å prioritere betre kommunikasjonar. Det er vilje til å prioritere det kjem an på.

Innbyggarar og næringsliv i fylket vårt er heilt avhengig av gode ferjetilbod og gode vegar. Gratis ferje er fint, og kutt i ferjetakstane har vore naudsynt. Men det viktigaste er at ferja går når folk og næringsliv treng ho.