Martin Sundland og Catrin Gundersen, produsentane av «Konvoi», har i eit innlegg i Sunnmørsposten (18.01.24) mest ei lang historisk utgreiing om Murmansk-konvoiane 1951–45. Det er kjent stoff for historieinteresserte, og difor skreiv eg: « … dei som risikerte livet i denne Murmansk-farten fortener ein betre minnefilm enn «Konvoi». Dette held eg fast på!

Ein film bør ha ei truverdig ramme så god og realistisk at sjåaren «let seg lure» til å tru på filmen. I «Konvoi» er vi, publikum, «medsiglarar og mannskap» på ein båt. Reisa er farefull, og det er konflikt om bord. Eg vart ikkje «medsiglar», dessverre, men eg ser at fleire filmmeldarar har funne «Konvoi» truverdig, og kasta seks på terningen. Dei om det!

Det er leitt å skrive det, men for meg vart «Konvoi» litt eventyrfilm, ja, då dei tok til å skyte med kanon frå lasterommet, då vart «eventyret» stadfesta.

Eg tvilar ikkje på at Martin Sundland og Catrin Gundersen «har forholdt seg til den ekte historien med respekt», men den gode viljen gjer ikkje «Konvoi» meir truverdig!

Det står òg at Martin Sundland og Catrin Gundersen har hatt fagleg hjelp med: «Filmens skip er bygget etter modell av blant annet DS Hestmanden». Å nytte ein modell av «Hestmanden», er etter mi meining eit feilgrep. Eit augekast på kartet, avstanden Skottland – Island – Murmansk, og tanken på vesle «Hestmanden» inn i dette, måtte få ein kvar til å vrake modellen. Kvifor?

Den gamle slitaren, dampskipet «Hestmanden», er berre 60 meter lang og ti meter brei, lita lasteevne og toppfarta er 8 knop (knapt 15 km/t). Då forstår alle det.