Bør Ålesund styrkja seg som sentrum for Sunnmøre? Og bør Ålesund samstundes setja Sunnmøre i sentrum?
Svarar du som veljar eller politikar ja på dei siste to spørsmåla, fører det med seg å seia ja til Ålesund som nynorskkommune. For just som Oslo er det absolutte senteret for bokmål her i landet, er Sunnmøre eit svært viktig sentrum for nynorsk. Det er kjensgjerningar. Ålesund må stå saman med Sunnmøre om nynorsk, fordi det styrkjer Ålesund og Sunnmøre som sentrum og fellesskap.
Nynorsken kan bli skrota i Ålesund – dette meiner innbyggarane
Å ha offisiell status som nynorskkommune inneber elles to enkle ting for Ålesund:
Ålesund kommune avgjer politisk korleis kommunen skal bruka nynorsk. Hovudregelen i dag er at fellestekstane som representerer kommunen, skal vera på nynorsk. Slik bør det halda fram. Det inneber at Ålesund meiner noko handfast og praktisk med å vera nynorskkommune, gjerne i samarbeid med nynorskkommunane elles på Sunnmøre. Samstundes er det opna for at ein i dag kan eller skal bruka bokmål i andre samanhengar i Ålesund kommune.
Statsorgan og fylkeskommunar har plikt til å bruka nynorsk i dokument som er skrivne til eller gjeld Ålesund kommune. Det går fram av lov om språk (språklova) § 15.
Det fører med seg ein språkleg fellesskap med resten av nynorskkommunane på Sunnmøre.
Å vera saman om nynorsk kan vera med på å skapa nye politiske sentrum for distrikta og regionane, til dømes for byen og bygdene i ein viss region i Møre og Romsdal. Vil du som les dette, gje ei røyst for både Ålesund og Sunnmøre? Då må du i kommunestyrevalet i Ålesund 11. september velja deg eit parti som ser kor utruleg viktig det er at Ålesund held fram med å ha offisiell status som nynorskkommune.