Konsulentselskapet BDO, avdeling Oslo, har lagt fram rapporten som var tinga av Ålesund kommune som kunnskapsgrunnlag i saka om frådeling av (gamle) Haram.

Eit samandrag fremst i rapporten fortel at det er «… vår samlede vurdering at det er betydelig risiko knyttet til utskillelse av Haram fra dagens Ålesund kommune.» Denne «risikoen» er grunngitt i fire punkt:

«For det første er det ingen presedens fra lignende utskillelsesprosesser.» Sula kommune vart frådelt Ålesund i 1977 etter å ha blitt innlemma ni år tidlegare (som ein del av Borgund). Sjølv om det er 45 år sidan, burde BDO ha innhenta opplysningar om korleis prosessen var, og ikkje minst om korleis Sula (som er litt mindre enn Haram i folketal) har hatt det desse 45 åra og om dei er nøgde med dagens tilstand sidan dei ikkje slo seg saman med Ålesund no når det var høve til det.

«For det andre vil det være høye kostnader.» BDO meiner at det vil koste like mykje å skilje ut Haram som kostnaden med å etablere Nye Ålesund. At det skal koste like mykje å dele frå ein enkelt kommune som å slå saman fem, verkar ulogisk. Dessutan vil Vedum dekke utgiftene, har han sagt.

«For det tredje er det uklart i hvilken grad alle tjenester kan videreføres som i dag med tilstrekkelig kapasitet og kompetanse.» Ja, det er vel ikkje råd å vite før Haram er reetablert med personell på plass. Men Haram var ein velfungerande kommune fram til samanslåinga for berre to år sidan.

«For det fjerde er det endringstrøtthet i kommuneorganisasjonen og variabel motivasjon for fortsatt omstilling.» Då er det vel best å la ting vere som dei er.

Ein stor del av rapporten er basert på intervju med vel 50 personar. Bortsett frå ordførar, varaordførar og eit par andre folkevalde, samt kommunedirektør og eit par andre frå staben, er det ukjent kva personar som er intervjua – ikkje noko namn er nemnt. Det er berre opplyst at dei andre informantane i hovudsak er leiarar i kommunen, tillitsvalde og folk frå næringslivet.

Her er det ikkje fakta som kjem fram, men intervjuobjekta sitt syn på saker og problemstillingar og på kva konsekvensar det etter vedkomande si meining kan ha ved kommunedeling. Resultatet er gjennomgåande negativt, med unntak av svara frå næringslivet. Kva spørsmål som er stilt er ikkje opplyst, ei heller korleis svara er brukt. Dermed er det uråd å vite kor mykje dette er verdt.

Så tek då også BDO atterhald om kvaliteten på det som står i rapporten: «BDO finner det riktig å presisere at vi ikke kan påta oss ansvar for fullstendigheten eller riktigheten i det grunnlagsmaterialet som har vært utgangspunkt for våre faktabeskrivelser og vurderinger.»

Ein stor veikskap med rapporten er elles at BDO ikkje har teke bryet med å undersøkje korleis Haram fungerte før samanslåinga. Det er berre vel to år sidan dette var ein god og veldriven kommune. Men motstandarane av frådeling helsar rapporten velkomen. Mange tek alt som står der for god fisk og brukar det ukritisk som fasit på spørsmålet om Haram bør skiljast frå Ålesund.

-----------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!