Statsminister Støre stadfesta i nyttårstalen at han ser det på same måten: «Jeg har på vegner av Norge sagt til president Zelenskyj at ukrainernes kamp, også er vår kamp.» Det er svært nær ei krigserklæring mot Russland. Natos generalsekretær har uttalt at Russland ikkje må vinne og at det i så fall ville vere ei katastrofe.

Krigen står fram i aukande grad som ein krig mellom Vesten og Russland, med Ukraina som den tapande parten. Både Ukraina og Russland må vinne krigen om det skal bli fred, og det kan berre skje ved forhandlingsbordet mellom dei to partane. Partane kan heller ikkje forbetre sin forhandlingsposisjon gjennom framgangar på slagmarka, fordi det er dei same tema som ligg på forhandlingsbordet, uansett kor frontlina går og uansett kor lenge krigen varer. Med framleis krigføring er det einaste sikre Ukraina oppnår: fleire døde, fleire såra, meir liding, meir nød, meir øydeleggingar, fleire flyktningar.

Dersom Ukrainas kamp er Norges kamp, er det også Norges medansvar å få slutt på kampen og lidingane til ukrainarane. Alle medlemsstatar i FN er traktatforplikta til å løyse konfliktar med fredelege middel. Norge kan foreslå at FN må krevje våpenkvile og fredsforhandlingar for 1) å få slutt på lidingane til det ukrainske folket, 2) å stoppe risikoen for spreiing av krigen til andre land og 3) å stoppe risikoen for bruk av atomvåpen.

To føresetnadar for ein varig fred er openberre: 1) Russland må få garantiar for at Ukraina aldri vil inngå i ein militærallianse med fiendtleg brodd mot Russland, og 2) Russland må trekke alle sine soldatar og militærutstyr ut av alt ukrainsk område, inklusiv Krim.

Forhandlingane og gjennomføring av fredsavtalen vil ta tid, med kompliserte tema på forhandlingsbordet som Sevastopol, Krim, Asovhavet, Donetsk og Luhansk. Under fredsforhandlingar i FN-regi kan gjenoppbygging etter øydeleggingane starte, flyktningane vende tilbake, normalt liv returnere, orienteringa mot EU takast opp att og ny tillit mellom to naboland gradvis byggast opp.