Som komiteleiar understrekar eg at kommunestyret i Ålesund har vedteke at det skal vere gratis å leige gymnastikksalar og svømmehallar på skulane for dei som driv idrett for barn under 18 år. Dette står også i betalingsregulativet til kommunen. Regelverket gjeld, sjølv om ansvaret vert flytta til skulane. Ålesund svømmeklubb kan ikkje stengast ute.

Det skal ikkje vere opp til den enkelte skule som har basseng å stenge på kveldstid. Samtidig må det ikkje vere slik at ekstraordinære kostnader med opprydding eller skade utover normal slitasje, vert sendt til den enkelte skule, det er urimeleg. Skulebudsjetta kan ikkje brukast til å betale slike ekstrarekningar. Denne kostnadsfordelinga forventar eg det kjem ei ordning på.

Uansett skal det ikkje vere tvil om at idretten skal ha tilgang på kommunale anlegg. Vi treng svømmedyktige og fysisk aktive barn og unge.

Det er viktig med fysisk aktivitet for barn og unge, det er bakgrunnen for at vi låner ut lokala gratis. Ålesund har så mykje kyst og hav, og må legge til rette for at barna våre skal bli svømmedyktige. Her gjer svømmeklubben ein flott jobb i tillegg til svømmeopplæringa i skulen.