12 år med Sp styre i tidenes økonomiske positive tider for kommune-Norge, der SP også har teke inn meir enn 100 mill. kr ekstra i eigedomsskatt, har resultert i ei kommune i krise og på Robek.

Fei for eiga dør no Sp, og Jostein Dalen: Det er umogleg å snakke seg vekk frå realiteten at Sp har styrt dei 12 siste åra.

Berre sidan 2018 er nye 215 mill. kr investert, og driftsnivået auka kraftig år for år. Jostein Dalen kan gå inn og lese våre protokolltilførslar til budsjettet både i 2019/2020 og 2021, så vil han kanskje oppdage realitetane.

Så er det slik at mesteparten av innlegget til Dalen forsøker seg på bortforklaring av eige ansvar, og hevdar dette framleis er Frank Sve sitt ansvar som styrte kommunen for over 12 år sidan.

Makan til lågmål skal ein leite lenge etter, når situasjonen no er eit omstillingsbehov på meir enn 100 mill. kr når kapitalinntekter frå salet av e- verket er brukt opp.

SP og Dalen skulle bruke eigedomsskatt til å dekke eit akkumulert underskot på 50 mill. kr, men har teke inn meir enn 150 mill. kr til no»

Kvar er desse pengane blitt av då, Jostein Dalen, i ei tid med om lag 0 rente, store aquafond og tidenes rammeoverføringar frå Staten?

Er det liksom Frank Sve som har brukt opp alle desse pengane, eller har Sp og Dalen snart tenkt å ta ansvaret for eigne handlingar?

Dalen kritiserer andre for å snakke ned medrepresentantar, – men, kva er det Jostein Dalen gjer i dette innlegget her då?

I alle fall ikkje akkurat «koseprat», og det er rimeleg drygt å forsøke å sverte meg, når Jostein Dalen samtidig forsøke å fråskrive seg sjølve for ansvaret for 12 års drift med Sp som har enda utfor stupet og rett i Robek!