At Stranda kommune er i ein krevjande situasjon har Sve rett i, men det hadde ikkje gjort noko om han også såg seg sjølv litt i spegelen.

Stranda kommune konsern har i dag ca 800 millonar kroner i gjeld. Gjeldsnivået pr innbyggar er det doble av landsgjennomsnittet. Gjeldsauken skjedde i stor grad i frå 2003 i den perioden då Frank Sve og Frp styrte kommunen.

Då Jan Ove Tryggestad overtok i 2011 måtte han fullføre renoveringa av Stranda ungdomsskule, noko som medførte ei investering på ca 130 mill. Etter den tid har vi betalt mellom 35 og 40 millionar i renter og avdrag pr år. Dette vert teke av driftsbudsjettet. Vi har nytt godt av låg rente, men no er den på tur opp.

Grafen syner korleis gjeldsutviklinga i Stranda kommune har vore. Den høge gjelda medverkar til at kommunen i dag har budsjettert med 60 millionar kroner årleg i finansutgifter. Foto: privat

Etter at vi kom i Robek i 2012 var eit av måla å betale ned gjeld. Det har vi i liten grad klart. Vi hadde også eit opparbeidd underskot på 50 mill som måtte nedbetalast. I ein kommune som Stranda er det heile tida behov for nye investeringar, og målsettinga har  vore å kvart år betale ned tilsvarande låneopptaket.

Inflasjonen vil då på sikt gjere gjelda mindre.

Det må også nemnast at etter valet i 2011 har det i stor grad vore politisk einigheit om investeringane vi har gjort. Stranda ungdomsskule var «strippa» og klar for gjenoppbygging. Fylkesmannen ville stoppe dette prosjektet, men då sette Jan Ove Tryggestad «foten ned».

Dette gjeld også restaurering av Sunnylven skule, tilrettelegging for næringsverksemd blant anna i Svemorka, og ei heil rekke investeringar i infrastruktur og andre naudsynte formål. Det var eit ufråvikeleg krav frå fylkesmannen at når vi var ute av Robek, måtte krava/pålegga omkring brannstasjonen i Geiranger imøtekomast.

Kommunen ville etter 01.01.23. måtte betale ei betydeleg dagmulkt, dersom prosjektet ikkje var starta opp. Det enda med ein blålysstasjon som inneheld både brann, ambulanse og politi.

Tilbake til situasjonen i dag. Renteauken gjer at det er budsjettert med ca. 60 millionar i finansutgifter i 2023. Dette er kritisk for oss, og er ein av grunnane til at vi no slit med å få budsjetta i balanse.

Frank Sve har gjort det til sitt varemerke å gjere seg høg og mørk og snakke ned politiske motstandarar. Vi i Stranda Senterparti vil heller, gjennom breitt samarbeid, bruke tida og kreftene våre på å styre kommunen vår best mogleg gjennom krevjande tider.