Politikk handlar om å arbeide for både dei små og dei store sakene. Etter ei inspirerande og kjekk årsmøtehelg med gode kameratar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, er det tid for litt refleksjon. Årsmøtet vedtok kraftfulle uttaler om krigen i Ukraina, om NATO, energiprisar ute av kontroll og heildagsskule. Totalt handsama årsmøte 83 innsende framlegg til ny politikk. Saker som byrjar med eit engasjement hjå einskildpersonar, i grendelaget, i lokalmiljøet, engasjement for saker som til slutt endar opp som rikspolitikk.

Ei slik sak er RV 15 Måløy-Otta. Mange har lagt ned ein stor innsats for denne strekninga. Kampen er ikkje over før spaden står i jorda, og det er framleis nokre svingar på vegen fram mot byggjestart. Møre og Romsdal AP vedtok følgjande uttale i helga: Rv15 Strynefjellet, Konsept B1 med arm til Geiranger må prioriterast i NTP. Møre og Romsdal Arbeidarparti krev at planarbeidet vert starta opp i 2022.

Ørsta AP og Volda Ap hadde sendt inn likelydande framlegg til uttale og fekk heile årsmøtet med på dette. Karen Høydal frå Ørsta Ap heldt eit brennande innlegg for saka.

Og her startar min refleksjon, og den handlar om engasjement. I februar 2018 fatta Hornindal Ap og Volda Ap vedtak om å slå saman partilaga til eit nytt Volda Ap. Underteikna vart vald til leiar av det nye lokalpartiet. Ein knapp månad seinare vart eg varmt motteken av årsmøtet i Møre og Romsdal Ap. I valkampen fram mot Stortingsvalet fekk eg lov til å koordinere kampanjegruppa sitt arbeid for Søre Sunnmøre. Det gav mellom anna høve til å samle alle gode krefter om Rv15 og ny veg over Strynefjellet. Som ein av fylkespartiet sine delegatar til Landsmøtet i 2021 fekk eg jobbe aktivt for mitt og Volda Ap sitt standpunkt mot legalisering av rusmiddel. Denne helga var eg så heldig å få tillit frå årsmøtet og vart vald inn i styret for Møre og Romsdal AP. Det viser at det nyttar å engasjere seg i saker ein brenn for.

Brenn du for ei sak, stor eller lita, meld deg inn i eit politisk parti. Mi personlege erfaring er at engasjement vert sett pris på. Vi går no inn i arbeidet med å lage program og nominere til kommune- og fylkestingsvalet i 2023. Det er no du har sjansen, grip den, du vert godt motteken og sjansen for gjennomslag er langt større enn du kanskje trur.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!