Men intensjonen med reforma vart aldri oppfylt. I staden har elevane fått mange fleire skuletimar samla sett. Det auka timetalet utgjer faktisk ikkje berre eitt, men to fulle skuleår meir enn det som var tilfelle før seksårsreforma. Samstundes har auka vekt på teoretiske fag og grunnleggjande ferdigheiter i norsk, matte og engelsk, samt digital kompetanse, gitt elevane færre timar i praktiske og estetiske fag. Det tapar elevane på.

Når det ikkje blir plass til den viktige leiken, mister barnet ein av sine viktigaste inngangar til læring. Fem- og seksåringane som byrjar på skulen, kjem frå aktive dagar i barnehagen, der initiativ til leik har blitt stimulert og framelska. Mange av dei er ikkje modne for å ta inn kunnskap ved å sitje passivt ved pulten.

Dei treng å erfare og utforske verda gjennom leik og fysisk aktivitet for å oppleve meistring og meining. At skulen for tidleg møter dei med eit snevert læringstrykk retta inn mot grunnleggjande lese- skrive og rekneferdigheiter, kan rett og slett verke mot si hensikt.

Vi må bort frå læringstrykk og over til lærelyst. Og lærelysta kjem gjennom leik, utforsking og glede over å meistre. Det hastar ikkje å få førsteklassingane gjennom lekser og pensum. Tid til leik er vel anvendt tid. Det å oppleve meistring, samspel og skaparglede gjennom leik rustar elevane for framtida.

Eg håpar difor at alle skuleeigarar og rektorar gir lærarane i småskulen rom til å la elevane utfalde seg gjennom leik, kreative og skapande aktivitetar ute og inne, og rikeleg med fysisk aktivitet. Vi i SV heiar på ein leikande og variert skuledag, og vil leggje til rette, både praktisk og økonomisk, for å gi leiken ein større plass på alle skular.