I eit innlegg i Sunnmørsposten for nokre dagar sidan påstår Høgre-toppane Monica Molvær og Leif Ersnes følgjande: «Røkteren på et oppdrettsanlegg og sveiseren på et verft er de som betaler lønnen til både sykepleieren og læreren». All ære til både røktaren og sveisaren, men stryk til Molvær og Ersnes.

I ein valkamp må det vere lov med spissformuleringar. Men dette er vranglære. «Myter om hvor verdiene skapes og ikke skapes står sterkt i mange miljøer. Feiloppfatninger er de like fullt». Dette skriv professor Kalle Moene attende i 2020. Vi veit at denne myten lever, særleg på høgresida i politikken, men også i AP og i delar av LO. Moene legg også til: «Å produsere mer aluminium for å få flere sykepleiere er falsk logikk og feil politikk».

Sjølvsagt er det viktig å eksportere for å kunne importere. Men å late som om det er ei grunnlov i økonomien at det er privat sektor som skaper verdiar og offentleg sektor som brukar dei, er for banalt, sjølv om prøver å halde denne myten i live. Det viktige for ein sunn økonomi er at dei fleste er i arbeid. Både sveisaren og læraren betaler skatt, og begge brukar pengar på varer og tenester.

Det er dårleg politikk å skape ei kunstig motsetning mellom privat og offentleg sektor og dei som arbeider der, slik Molvær og Ersnes legg opp til. Ikkje nok med det. Det er rett og slett skadeleg.