Det er dokumentert at ved å nytta dette tiltaket, aukar ein dei psykiske lidingane som dei innsette har.

I vår kom regjeringa med ei høyring der dei mellom anna føreslår at moglegheita for å nytta isolasjon grunna mangel på personale, berre skal vera lovleg i særskilde høve. Dei føreslår og at innsette skal ha rett på minimum 2 timar meiningsfull sosial kontakt.

Eg meiner at dette ikkje er nok. I Sverige og Danmark har dei lovkrav som seier at ein skal ha minst 8 timar med sosialt fellesskap. Eg meiner det er lurt å setta eit lovkrav til kor mange timar ein innsett skal ha utanfor cella.

Ein må hugsa på kva som er føremålet til kriminalomsorga: alle som sit i norske fengsel skal attende til samfunnet.

Ein innsett reknast for å vera isolert når hen er innelåst på cella i meir enn 22 timar i døgnet. Dette er definisjonane i Mandela-reglane på å vera isolert. Mykje av denne bruken er òg ulovleg. Det er dårleg med dokumentasjon over kor mykje isolasjon som faktisk vert brukt. Det er og berre eit tidsspørsmål før Noreg vert meldt for brott på menneskerettane.

I ein rapport som Raudekrossen har laga står det at mange av dei innsette slit med sjølvskading, depresjon og sjølvmordstankar. Sjuke folk som treng behandling risikerer å verte sett i full isolasjon. Dette er menneske som treng behandling og folk å snakka med. Ikkje ei tom celle. Det er ikkje bra for ein rehabiliteringsprosess.

Mange av fangane slit psykisk i utgangspunktet og når ein då får berre minimalt med menneskeleg kontakt, blir situasjonen berre verre. Fleire av dei får skadar som varar etter at ein er ferdig å sona på grunn av isolasjon.

Når Noreg har fått klagar i mange år på dette problemet, er det absurd at ingen politikarar har teke tak i saka. Særskilt når ein legg til grunn føremålet til Kriminalomsorga: Ein skal førebygga ny kriminalitet. Dei innsette skal rehabiliterast slik at dei kan verta gode samfunnsborgarar. Kven vil du ha som nabo? Ein person som er rehabilitert, eller ein som har sitte isolert og er sint på samfunnet.