Lat meg fyrst seie: Møreakse og HaFast må omgåande leggast så langt ned i skuffa at ingen finn dei att før om 100 år. Minst. Romsdalsaksen må setjast på vent, både fordi den ikkje er fullgodt uttenkt enno (mi meining), men aller viktigast; Ingenting må ta pengar eller fokus vekk frå E136, Ålesund – Dombås.

Eg meiner at fyrste delen av E136/E39 er relativt enkel å forbetre til akseptabel standard. Det må vere å oppgradere den eksisterande vegen frå Ålesund til Ørskog, slik at den er rettast mogeleg og brei nok til den trafikken ein ventar neste 50 åra. Då snakkar vi firefeltsveg.

Frå Ørskog må det byggast veg rett aust, gjennom fjella, med nokre fjelltunnelar, med utløp ovanfor busetnaden i Måndalen. Dette vert ikkje særleg lange tunnelar. Her vert det bygd ei stor rundkøyring. E136 fortset rett fram og kjem inn på vegen oppe ved Marstein.

Derifrå vert vegen utbetra til firefelt vidare opp til Verma. Korleis ein må gjere det opp bratthenga frå Verma til Bjorli veit eg ikkje, men ingeniørane greier sikkert å finne løysingar på dette. Så må vegen vidare frå Bjorli til Dombås utbetrast til firefelt.

Så, frå den store rundkøyringa ovanfor busetnaden i Måndalen vert det bygd veg ned til fjorden, ute på neset som ligg aust for sjølve Måndalen. Her vert det bygd ei bru over fjorden (som ikkje er særleg brei her). Brua kjem i land ved Torvikeidet. Herifrå vert det bygd ny veg opp til vegen som går til Åfarnes. Dette kan sikkert vere nok med ein god og brei tofeltsveg.

Frå Åfarnes vert det bygd ei bru, til Sølsnes. Så vert vegen frå Sølsnes oppgradert og gjort beinare og kjem ned til Bolsøybrua og vidare på Bolsøya til Fannefjordtunnelen og då er ein med eitt komen til Årø, ved flyplassen. Der er ei rundkøyring som tek oss inn på E39, Fannefjordsvegen austover forbi Hjelset og så bortetter.

Slik fjernar ein alle desse fjordane frå Vikebukt til Måndalen. Eg trur også at sjølve fjordkryssingane vert billegare enn dei planlagde bruene i Romsdalsaksen. Men sjølve reisevegen frå Sjøholt til Hjelset vert kanskje litt lenger, men eg trur ikkje tidsmessig det vert så mykje lenger at det gjer stor forskjell.