Er det pårørande som kjempar for å gi sine pleietrengande eldre nødvendig pleie? Er det Eldrerådet i kommunen som åtvarar mot nedlegging av sjukeheimsplassar? Er der legar og geriatrikarar som åtvarar mot reduksjon av sjukeheimsplassar?

Er det dei pleietrengande og demente som tryglar om tryggleik i sine siste leveår? Er det den ultimate lukke dei bed kommunen å få?

Nei, det er minimum av tryggleik, noko kommunen har plikt til å syte for. Dette er samfunnskontrakten mellom kommunen og dei pleietrengande og sjuke som har ytt sin innsats for samfunnet.

Om kommunen ikkje held sin del av denne kontrakten, vil det verke øydeleggjande for både tillit og skattevilje.

Mange pårørande gjer ein fantastisk innsats, skriv Grindvik og legg til: «Då er det viktig at vi må kunne bidra med avlasting og dagtilbod.» Her røper Grindvik og Venstre at dei ikkje klarer å plassere ansvaret for eldreomsorga der det høyrer heime, nemleg hos kommunen!

Det er der ansvaret ligg og det er dei pårørande som skal bidra, noko dei gjer i stor mon og sparer kommunen for store summar.

Pårørande har skrive, bede, rast og trygla om hjelp, fæle historier om svikten i eldreomsorga har vore å lese i media, og så seier Grindvik at «Vi (kommunen, mi tilføying) må også kunne bidra.»

Nei, kommunen skal ikkje bidra, den skal ta ansvaret!

Innlegget er nedlatande og fullstendig utan forståing for korleis mange pleietrengande og pårørande har det, og at talet på pleietrengande og demente er aukande!

Eg forstår etter kvart godt korleis det er mogeleg å legge ned over 80 sjukeheimsplassar når ein har slike politikarar.

Neste periode må nye parti få sjansen til å sjå om dei kan skape meir tryggleik for både pleietrengande og pårørande, ikkje framstille dei som lukkejegerar. Som politikarar plar seie: Slik kan vi ikkje ha det!