I åra framover vil vi ha aukande behov for tenester, noko som krev store grep for å nå flest mogleg. For å få til det må vi bygge ut tenester på fleire nivå (her kjem den mykje omtala omsorgstrappa inn). Kostnadane på tiltaka stig dess lengre opp i denne omsorgstrappa vi går. Vi treng fleire tiltak for at innbyggjarane skal få vere herre i eigen heim lengst mogleg.

For dei fleste både vil og kan klare seg sjølve, då må vi bygge tenestenivå som legg til rette for det. Uansett tiltak og nivå på tenestene skal målet vere å sikre tryggleiken til den enkelte bebuar. Ein institusjonsplass, som er det høgste nivået på omsorgstrappa, er det mest kostnadskrevjande tiltaket. Før vi kjem på dei øvste trinna i trappa finst det fleire gode tiltak. Eit slikt tiltak er heildøgnsbemanna omsorgsbustader, noko som både er etterspurt og som det er stor mangel på i Ålesund. Difor er det prioritert å bygge fleire. Dette skjer mellom anna Wasmuth-gården og på Sanitetshjemmet.

Ei anna utfordring vi må finne gode løysingar for er einsemda eldre møter i kvardagen sin. Også her meiner vi i Venstre at omsorgstrappa skal ha tiltak for fleire skal kunne delta i aktivitetar og ha trivselsbyggande møteplassar.

Dette er ikkje ein unik situasjon for Ålesund, men prosessar mange av kommunane i landet (med folketalsvekst) står i.

Ålesund Venstre har heile tida vore tydeleg på at dette er nødvendig omstilling. Slik omstilling var allereie gjennomført, både i gamle Skodje, Ørskog, Sandøy og delvis i Haram. Gamle Ålesund derimot hadde ikkje starta denne omstillinga. Målet er at fleire må få hjelp og at alle skal kunne sikrest rett teneste, til rett tid og på rett nivå. Det gjekk vi til val på i 2019 og det er vi med på å levere. Vi er også svært glad for at Høgre også har innsett dette og støtta fleirtalskoalisjonen i at omstilling må til.

Nokre yndar å framstille ein sjukeheimsplass som den ultimate lukke. Sanninga er at dei færraste ønskjer seg til ein sjukeheim. Men dei som treng det, skal få det. Å kalle denne nødvendige omstillinga ei nedbygging er ikkje ei korrekt forteljing om det som skjer.

Det er mange pårørande som gjer ein fantastisk innsats. Då er det viktig at vi også må kunne bidra med avlastning og dagtilbod. Dette er også tiltak som kjem inn i omsorgstrappa. Innanfor dei midlane kommunen rår over meiner Venstre at vi er på rett veg. Sjølv om vi gjerne er utolmodig og ønskjer eit større tempo i omlegginga, ser vi no resultat av det arbeidet som ein fantastisk stab gjer.