Etter at leiaren i Sunnmørsposten ramsar opp alle «gode» tiltak som fylkeskommunen har gjennomført, kjem følgjande:

«På toppen av dette har fylket bygget det største enkeltprosjektet i fylkeskommunens historie, Nordøyvegen, der prislappen til slutt enda på 5,5 milliardar kroner.»

Dette har vore, og er tydelegvis framleis, eit prosjekt som fleire journalistar i avisa har lite til overs for. Det hadde vore bra om Sunnmørsposten kunne prøve å gå inn på finansieringa av prosjektet og få fram kva fylkeskommunen sine årlege kostnader er.

Fylkeskommunedirektøren la fram eit notat for fylkestinget datert 17.04.2023. Notatet viser at Nordøyvegen endra driftsresultatet til fylkeskommunen med 49,6 millionar kroner i 2023. Då vart det lagt inn auka busstilbod og drift av hurtigbåt (Hamnsund-Ålesund) med til saman 18,6 millionar kroner. Det reelle underskotet av Nordøyvegen for fylkeskommunen er då 31 millionar kroner.

Fylkeskommunedirektøren peika på at rentekompensasjonen frå staten var usikker og difor ikkje medtatt. I dag veit vi at rentekompensasjonen vert 80 millionar kroner i 2024 og 80 millionar i 2025.

Dette betyr at fylkeskommunen går med overskot frå Nordøyvegen frå 2024.

Nordøyvegen er eit stort spleiselag. Lokalt er det skote inn ca. 1,4 milliardar kroner i bompengar, RDA midlar frå næringslivet, tilskot frå kommunar og private.

Staten har i direktetilskot bidrege med 1,6 milliardar i mva-kompensasjon og rentekompensasjon. Staten vil betale ut 65 millionar kroner i ferjeavløysingsmidlar kvart år i 42 år og 60 millionar til vedlikehald i all framtid.

Dette er indeksregulerte midlar som då ikkje vil tape verdi. Dei første åra er vedlikehaldet av Nordøyvegen rekna til om lag 10 millionar kroner. Rundt 50 millionar kan då brukast til anna vedlikehald.

Alternativet til Nordøyvegen er 7 nye ferjekaier, framføring av straum til å drifte desse, minst 4 nye elektriske ferjer og hurtigbåt.