For berre å ta dette med Israels grenser: Etter at Storbritannia sa frå seg Palestina-mandatet, vedtok FN i 1947 ein plan om å dele området i to statar, ein jødisk på 56 prosent av Palestina og ein palestina-arabisk på resten.

Planen med grenser vart akseptert av Israel og staten Israel oppretta og anerkjent med desse grensene i 1948. Krigen som følgde førte til at FN oppnemnde ein meklingsmann med mandat m.a. å forhandle om grensene med begge partane. Israel drap meklingsmannen og kriga til seg meir av Palestina, slik at då våpenkvile vart vedteke i 1949, hadde Israel kontroll over 77 prosent av det gamle britiske mandatområdet Palestina.

Grensene frå våpenkvileavtalane, den grøne lina, vart lagt til grunn av både FN og Israel som Israels grenser då Israel vart akseptert som medlem av FN i 1949 og er dei einaste internasjonalt aksepterte grensene. I 1967 tok Israel dei resterande 23 prosent av Palestina med militærmakt. FN har 30.12.22 bedt Haag-domstolen om ei vurdering av dei legale konsekvensane av Israels okkupasjon, busettingar og anneksjon.

Sionismen kan kanskje heva seg over internasjonal lov og rett, men kan ein medlemsstat av FN gjere det?