Mange har måtte legge igjen ein del av livet sitt på kyrkjetrappa – den delen som har med familieliv, med kjærleik å gjere. Slik vil vi ikkje ha det lenger!

I 2014 sa Den norske kyrkje nei til at alle kunne gifte seg i kyrkja. Berre heterofile fekk gifte seg der. Utav dette nei’et blei Åpen folkekirke fødd. No er det lokallag i alle bispedøme, også i Møre.

Åpen folkekirke er eit kyrkjepolitisk parti med innvalde i kvart bispedøme. Vi har fått til viktige endringar:

I 2016 fekk vi vedteke likekjønna vigsel. No kan alle par, uavhengig av kjønn og seksuell orientering, gifte seg i si kyrkje.

I 2022 fekk Åpen folkekirke Møre vedteke at ein ikkje skal spørre om ein prest er skeiv, ved tilsetjingar.

Åpen folkekirke er stolte av dette! For å fortsette å endre kyrkja i ei inkluderande retning, er vi avhengige av stemmer. Dei andre listene vil gjere kyrkja meir konservativ, så her tel kvar stemme!

Kyrkjevalet er søndag 10. september og måndag 11. september, i tilknyting til dei offentlege vala. Alle døypte som er 15 år i valåret, har stemmerett. I år kan du også røyste på førehand digitalt! Då går du på kirkevalg.no og loggar deg inn ved BankID.

Til soknerådsval (kyrkjas «kommunestyreval») stiller berre éi liste, altså personval.

Til val av bispedømmeråd (kyrkjas “fylkesting”) stiller 4 lister: Frimodig kirke, Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste, og Åpen folkekirke. Dei to første er konservative lister mot likekjønna vigsel. Nominasjonskomiteens liste har ikkje felles program, så her er ingen garanti for meiningane til den innvalde.

Berre Åpen folkekirke garanterer for ei åpen og inkluderande folkekirke! Vi meiner at kyrkja skal vere for alle!

Vi er alle er like framfor Gud. Jesus var alltid på dei utstøytte sitt lag. Derfor må kyrkja følge Jesus sitt eksempel. Vi vil ikkje dele folk inn i A- og B-lag! I kyrkja skal du kunne komme med heile deg. Gud har plass til det, og då må kyrkja også romme det!

Altfor lenge måtte enkelte legge omvegar om kyrkja. Altfor mange har måtte velje mellom trua og kjærleiken. Ein kan berre førestille seg kva det har kosta, kva sår det har påført.

Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Vil du at kyrkja skal vere åpen for alle – vil du at barn og unge skal få kome med heile seg, og bli møtt med respekt og aksept for akkurat den dei er? Då oppmodar eg deg til å stemme Åpen folkekirke i Kyrkjevalet.