Jamt les vi at mobbinga aukar.

Sitat frå leiaren i Sunnmørsposten for litt sia: « Du vet vel at du er stygg. Alle på skolen seier det. Det er ingen som eigentleg vil være venn med deg.»

Er det ditt barn som sender denne meldinga? Eller ei liknande ei? «Nei», seier du, «mitt barn er hyggeleg, snilt, danna og imøtekomande». Er du heilt sikker? At det er slik i alle tilfelle? Hugs, det er nokon som veit.

Kanskje nokon prøver å orientere deg om ting du bør ta tak i for å få slutt på mobbing? Og blir avvist. Vi veit at mobbeoffer ofte får varige sår livet ut. Men kva med mobbarane, som plagar, kritiserer alt frå klede, sko, hårfasong, uttale, evne, som tek på seg å bestemme over bussete, eller kva busstopp ein får nytte?

Her kan vere mangt å nemne. Kroppsspråk, utestenging og meldingar er vanleg i denne kulturen.

Ord og åtferd er som ringar i vatnet, det spreier seg. Der er foreldre til desse barna og ungdomane.

Og det er nokon som veit.

Skada for livet vert mange av mobbarane og. Eg nemner tre grunnar som kan ligge i leia:

Vegen er kort mellom mobbing i ung alder til bruk av hersketeknikkar i vaksen alder. Berit Aas sine fem systematiserte hersketeknikkar er ikkje ulike mobbeåtferda; «usynleggjering, latterleggjering, fordøming uansett kva du gjer, tilbakehalding av informasjon og påføring av skam og skuld.»

Mangel på empati og medkjensle, som delvis kan lærast og utviklast i barne- og ungdomsår om det vert teke tak i. Utan det kan mobbeåtferd vidare føre til vald og kriminalitet, som vi ser meir og meir av rundt oss.

Det tredje eg vil nemne er at mange av dei som mobbar, angrar når dei kjem til alders vit og visdom. Sår har blitt skapt hos desse og.

Derfor, er det ditt barn som mobbar bør du for alle sin del ta tak i det, lære dei omsorg, medkjensle og ansvarskjensle. Då hjelper du barnet ditt og andre. Å late att augo, ikkje vedgå problema, ikkje vil vite, er å gjere barnet ditt ei bjørneteneste.