At Ellinor Nerbø er fortvila over bompengar er slett ikkje rart etter at SP og AP tok over regjeringskontora, og etter dette har teppelagt landet, ja også her i fylket med bompengar.

Bypakke Ålesund kom fort med SP og AP som ein av landets dyraste bompengeprosjekt, og sjølvsagt blir det meir av dette med SP og AP ved roret.

Bompengane setter ny rekord landet over, samtidig med tidenes høgaste bompenge-gebyr, og skyhøge drivstoffprisar, er det tydelegvis bilistane som skal takast.

Her i fylket fjerna FrP 1,3 milliardar kroner med bompengar, og vart landets einaste bomfrie fylke.

Ja, sjølvsagt skulle eg håpa på at folk flest i resten av landet hadde stemt like mykje FrP som her i fylket, men det håpar eg faktisk kan skje til neste stortingsval.

Eg skal ikkje som mine forgjengarar love å fjerne alle bomstasjonar sjølv om eg meir enn gjerne skulle gjort dette, men dette er slett ikkje lett når Høgre er så «bompengekåte».

I Møre og Romsdal har eg i alle fall god trua på at fylket igjen blir bompengefritt etter stortingsvalet i 2025, og det nyttar å kjempe.

Kjempe mot ein vanvitig ekstraskatt, slik bompengar faktisk er, som rammar vanlege folk og næringslivet knallhardt.

Sjølv i opposisjon nyttar det, og det var mitt engasjement i Stortinget med sak og vedtak som kutta bompengane på Nordøyvegen kraftig.

Det som i alle fall ikkje nyttar Ellinor Nerbø, er å slutte å bry seg, slutte å stemme, då blir det framleis raudingane som styrer med sin iver etter å flå lommeboka til vanlege folk.

Takk for ditt engasjement og eg skal love deg at eg i alle fall ikkje gjev meg så lett.

Kutt i bompengar og bomfritt fylke igjen i Møre og Romsdal er mitt mål framover, men då må Vedum og Støre ut av regjeringskontora!