Slik ukritisk propaganda for å bruke ein større del av verdiskapinga vår til militære formål er også dei fleste (kanskje alle) dei politiske partia i Norge einige i.

Hovudargumentet for auka militarisering er Russland sin invasjon av Ukraina. Men denne angrepskrigen har derimot vist at Russland er eit land utan store militære kapasitetar. Etter 15 månader med krig klarer dei berre å klore seg fast til nokre små landområde nær si eiga grense, og er påført enorme tap både menneskeleg og økonomisk. Kor logisk er det at dei etter å ha blitt avslørt som ei svak militærmakt vil prøve seg på angrep på Nato som har enormt mykje større militære ressursar til rådigheit?

Det er dessverre fleire erfaringar med at opprustingskappløp fører til nye krigar enn at det skaper fred, og ein ny storkrig med avanserte våpen der kunstig intelligens vil spele ei stor rolle vil truleg bli resultatet av den pågåande opprustinga.

Eg trur at det einaste håpet for å unngå at menneska øydelegg den flotte planeten vår er å snarast mogeleg opprette eit verdspoliti underlagt FN slik at dei nasjonale militærvesena kan leggast ned. Viss viljen og fornufta er til stades er dette godt gjennomførbart. Viss ikkje trur eg framtida for menneska på jorda er temmeleg dyster.