No må alle oppegåande ta til motmæle mot denne raseringa av rehabiliteringstilbod som helsepolitikarane driv med. Det har vorte ei fanesak for dei å ta frå dei sentra som finst stadig nye grupper. Resultatet kan ikkje verte anna enn nedlegging. Det er alt anna enn enkelt for ein slik institusjon å finne nye oppgåver.

Nei, helsepolitikarane skal ha all rehabilitering inn på sjukehusa. Det skal liksom verte så mykje billigare. At det å bygge nytt på sjukehusa vert så mykje billigare enn å sørge for at det gode systemet vi har kan få halde fram, er vel heller tvilsamt. La sjukehusa ta det akutte, og rehabsentra ta seg av det vidare arbeidet.

Her i fylket, har ei alt lagt ned Morksentret. Har ingen stad sett at desse plassane har dukka opp på Åse som det vart lova. Så er visst planane at også Muritunet skal miste dei pasientane dei har hatt til no. Det vil verte ei katastrofe for kommunen, bygda og alle pasientane som årleg har nytta seg av tilbodet.

For kommunen, betyr det eit stort tap av spesialkompetanse, og ikkje minst kvinnelege arbeidsplassar. Men det so veg tyngst, er tanken på alle som misser eit rehab tilbod på ein triveleg stad.

Vidare har eg høyrt at Unicare på Røros og lever farleg. Felles for alle desse som er nemnt, er at dei over lang tid og med stor suksess har ført hundrevis, ja for ikkje å seie tusenvis, attende til ein gjevande kvardag og i mange høve attende til arbeidslivet.

At helsepolitikarane ser mellom fingrane på dette, syner vel at det kan vere feil personar som sit på desse plassane. Eg tenkjer med gru på alle dei som ikkje får eit tilbod så snart som råd når ulykka er ute. Trur nok det vil verte mange fleire på Nav dersom denne raseringa får halde fram.

Ta til motmæle, snakk med politikarar og andre i maktposisjonar. Det må då vel finnast dei som ser galskapen? Det har og vist seg at stadig fleire treng hjelp frå fagfolk for å kome seg vidare i livet.

Og nok eit hjartesukk. Rehabilitering er så så mykje meir enn terapeutar. Eit triveleg utemiljø, betyr og mykje. Det veit eg av eigne erfaringar.