Sunnmørsposten skal ha takk for å sette søkelys på inntaket av ultraprosessert mat som m.a. kan auke kreftrisikoen.

Likevel har ein komite som skal kome med nye kosthaldsråd, ikkje teke med åtvaring mot desse varene, men berre dei tradisjonelle råda mot for mykje sukker, feitt og salt.

NRK viste nyleg eit skremmande program om konsekvensane av ultraprosessert mat. I kortversjon kan ein oppsummere dei slik: fedme, kortare mettheitkjensle (auka svolthormon), auka matlyst, forstoppelse, dårlegare humør, auka fare for diabetes, mindre energi og arbeidslyst, dårlegare søvn.

Legen som gjorde forsøket og åt ultraprosessert mat i fire veker, fekk også «damebryst», og det aller mest skremmande; MR viste endring av hjernen som på ein dopavhengig. Når ei vaksen hjerne endrar seg på så kort tid, kva då med ein barnehjerne?

Problemet er så alvorleg at det ikkje kan overlatast til kvar einskild. Dette må takast opp av politikarane våre, særleg bør skular og barnehagar reinsast for ultraprosessert mat.

Brasil, Frankrike og Canada frårår sterkt konsum av ultraprosessert mat, Noreg bør gjere det same.

Denne maten er rimeleg, lett å lage til i ein travel kvardag og, må eg vedgå, velsmakande; ein farleg kombinasjon.

Ein amerikansk hjerneforskar heldt eit foredrag i Ørskog Rotary om aldring av hjernen. Eg spurte då om det var skilnad på aldringsprosessen av hjernen til ein konsument av økologisk mat og ein med ultraprosessert mat. Han svarte då at ultraprosessert mat førte til tidlegare og raskare aldring av hjernen.

Mange born er i dag storkonsumentar av ultraprosessert mat, korleis vil dette merkast på skulen, i vaksen alder og når dei blir eldre? Kva vil det koste samfunnet?

Eg vonar særleg alle med ansvar for born, t.d. foreldre og tilsette i skular og barnehagar tek funna på alvor og så langt dei kan unngår ultraprosessert mat. Studia til Medisinsk Fakultet ved Universitetet i Bergen konkluderer med at ultraprosessert mat aukar kreftrisikoen med 50 %. Det burde overtyde dei fleste, sjøl «kostrådskomiteen», om kva mat ein ikkje bør ete.

Særleg bør borna vernast.